Retrofuturistisk maskinvaremusikk
Remute lagar ambient, techno og new wave med og for spelmaskiner frå 80- og 90-talet.
Elektronisk
Remute:
Technoptimistic
Strictly Limited Games
Hald deg fast om du er overraska over kassettens retur: Hamburg-produsenten Remute gir ut musikk i format som kan spelast av på gamle TV-spelmaskiner. Eit avgrensa opplag av to utgjevingar, The Cult Of Remute til Super Nintendo og Technoptimistic til Sega Mega Drive, kan for tida førehandsbestillast hos utgjevaren Strictly Limited Games. For stereoanlegg utan gamle spelmaskiner finst musikken òg på vanlege format som minidisc og VHS – pluss CD, nedlasting og strøymetenester.
Medan selskap som Meta dyttar ofselege framtidsvisjonar på oss med instagramintegrerte Ray Ban-briller og tafatte Foo Fighters- og Justin Bieber-sceneproduksjonar i «metaverset», gjer det godt med ein dose retrofuturistisk framtidsoptimisme.
Technoptimistic er laga med og for maskinvare frå før CD-ROM-alderen. For å ikkje fylle den avgrensa lagringskapasiteten til kassettane med innspelt musikk, blei musikken til spela koda slik at lydbrikkene innebygde i maskineriet kunne spele han av i sanntid. Brikkene er frekvensmodulasjons-synthesizerar i stand til å gi frå seg eit enormt spekter av lydar ved hjelp av kløktige justeringar, og Remute har stålkontroll. Dei pratande robotstemmene er særleg imponerande.
Lydbileta Remute skvisar ut av den gamle maskinvaren, er varm og fyldig, kontrastfylt, men konsistent, og den musikalske variasjonen er større enn ein kanskje skulle tru. Technoptimistic byr på solid Detroit-techno med den drivande hypnotiske låta «Knuddelz»; «Red Eyes» læt new wave-aktig med sine diskotakter; «Deepfake» læt som ei trance-hymne tatt rett ut or Topp 20 i 1995; «Debug» er meir flytande og tilbakelent. Remute får til mykje med avgrensa ressursar, og nettopp det er nok poenget med Technoptimistic.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar, kunstnar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.