Rype i nysnø
Liv Elise Nordskog og Signe Bakke syner oss songkomponisten Tveitt.
Komponisten Geirr Tveitt (1908–1981).
Foto: Bergen offentlege bibliotek
CD
Geirr Tveitt:
Tveitt Songs
Liv Elise Nordskog, sopran; Signe Bakke, klaver. Lawo 2024
Geirr Tveitt var ikkje berre mellom dei mest originale 1900-talskomponistane våre, men også ein av dei mest produktive. Opuslista er like lang som ho er uoverskodeleg: Han omarbeidde ofte verka sine, slik at dei finst i ulike versjonar, og under brannen på garden hans i Kvam i Hardanger i 1970 gjekk ein stor del av livsverket opp i røyk. Mange manuskript av upubliserte stykke gjekk tapt, i tillegg til kring tusen folketonar som han teikna ned under feltarbeid i åra kring 1940. Heldigvis hadde han alt omarbeidd mange av folketonane til kunstmusikk, og det er orkestersuitane frå samlinga Hundrad folketonar frå Hardanger han no er mest kjend for.
Spesielt tiltalande ved Tveitts orkestermusikk tykkjer eg er måten han kombinerer norske folketonar og norsk tonalitet med fransk og russisk instrumenteringskunst på. Slike stilkombinasjonar av folkeleg-norsk og klassisk-kontinentalt høyrer me også på Liv Elise Nordskog og Signe Bakkes nye album, som presenterer 22 songar for sopran og klaver. Dei blei til medan Tveitt arbeidde for NRK i 1960- og 1970-åra, i ei tid då han komponerte over 200 songar til lyrikk av norske poetar. På plata får me fire av dei: Arnulf Øverland, Johan Falkberget, Olav H. Hauge og Per Sivle.
Tempovariasjon
Det fyrste som slår meg med framføringsmåten til Nordskog og Bakke, er at han er temmeleg gamaldags. Men det er også meininga, for i innstuderingsarbeidet har utøvarane orientert seg etter gamle NRK-opptak av urpremierane. Framføringsidealet har endra seg mykje sidan den tid: Tempoa er ofte lågare enn vanleg i dag, og der er mindre rytmisk stringens. Tempoet endrar seg i passasjar der det kjem viktige poeng i poesien, eller der spesielle harmoniske vendingar førekjem.
Eg trong litt tid for å «lytta meg inn» i denne historiske musiseringsmåten, men lét meg etter kvart fascinera. Det einaste som sjenerer, er Nordskogs tekstuttale, som ofte er så uklår at eg ikkje oppfattar orda.
Hauge best
Når det gjeld Øverland-songane, er «Lindormen» mest karakteristisk for Tveitts bramfrie, harmonisk uføreseielege klaverstil. Falkberget-songane syner gjennomgåande større ro og atterhald i effektbruken, særleg i «Vårnatt» og den overraskande «Vårmorgon».
Hauge-songane er det beste på plata, både når det gjeld kompositorisk substans og måten ord og akkompagnement kjem saman på. I «Fela» flettar Tveitt inn hardingfelas karakteristiske ornament og måte å stemma strengene på i klaverparten, og også i «Seljefløyta» kjem det typiske ved dette vårinstrumentet fram, utan at det kling påklistra. «Snø», derimot, er heilt ukunstla. Vedunderleg var og vektlaus verkar tonesetjinga av siste strofa: «Rjupa, einast, kunde trø i den kvite skire snø!»
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.