Sandra Borøy er sjef
Paralleller er ein fin produksjon i grenselandet mellom jazz og pop.
Sandra Borøy set på alle vis seg sjølv i sentrum, skriv Lars Mossefinn.
Foto: Mari Gjørv
Jazz / pop
Sandra Bjorøy:
Paralleller
Sandra Borøy, vokal og Fender Rhodes; Idar Eliassen Pedersen, trompet og flygelhorn; Simen Skrebergene, gitarar; Asle Bråthen, bass; Marius Trøan Hansen, trommer og perkusjon; John Rune Jakobsen, saksofon (4, 8, 10).
AMP Music & Records
På sitt beste går tekst, melodi, vokaluttrykk og arrangement opp i ei høgare eining i Borøys andre utgjeving, Paralleller. Ho debuterte for seks år sidan med Sus (Losen Records), og det musikalske uttrykket har forandra seg mykje. Komposisjonane har mange fellestrekk, og tekstane krinsar ofte rundt den same tematikken, men Borøy har brukt tida i Athletic Sound godt. Arrangementa og lydbiletet set røysta til Borøy i relieff. Tekstane får ein lett tak i (sjølv om plateselskapet skulle teke kostnaden med å leggja ved eit teksthefte).
Borøy skriv innanfor ein sentrallyrisk temakrins, men ho inkluderer også nokre observasjonar og undringar der diktets eg står på utsida. Tekstane er konkrete og ikkje spesielt biletrike, men inneheld nokre paradoks som skapar dobbeltbotn. Dei ti komposisjonane står godt til tekstane, og repertoaret er variert og fint sett saman.
Musikken er gjennomarrangert, og det blir ikkje opna opp for improvisasjon i nemnande grad, men bandet leverer etter intensjonen. Borøy set på alle vis seg sjølv i sentrum. Det er modig, og ho lukkast langt på veg med grepet, men i framtida bør ho i sterkare grad utfordra tekstforfattaren i seg.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz / pop
Sandra Bjorøy:
Paralleller
Sandra Borøy, vokal og Fender Rhodes; Idar Eliassen Pedersen, trompet og flygelhorn; Simen Skrebergene, gitarar; Asle Bråthen, bass; Marius Trøan Hansen, trommer og perkusjon; John Rune Jakobsen, saksofon (4, 8, 10).
AMP Music & Records
På sitt beste går tekst, melodi, vokaluttrykk og arrangement opp i ei høgare eining i Borøys andre utgjeving, Paralleller. Ho debuterte for seks år sidan med Sus (Losen Records), og det musikalske uttrykket har forandra seg mykje. Komposisjonane har mange fellestrekk, og tekstane krinsar ofte rundt den same tematikken, men Borøy har brukt tida i Athletic Sound godt. Arrangementa og lydbiletet set røysta til Borøy i relieff. Tekstane får ein lett tak i (sjølv om plateselskapet skulle teke kostnaden med å leggja ved eit teksthefte).
Borøy skriv innanfor ein sentrallyrisk temakrins, men ho inkluderer også nokre observasjonar og undringar der diktets eg står på utsida. Tekstane er konkrete og ikkje spesielt biletrike, men inneheld nokre paradoks som skapar dobbeltbotn. Dei ti komposisjonane står godt til tekstane, og repertoaret er variert og fint sett saman.
Musikken er gjennomarrangert, og det blir ikkje opna opp for improvisasjon i nemnande grad, men bandet leverer etter intensjonen. Borøy set på alle vis seg sjølv i sentrum. Det er modig, og ho lukkast langt på veg med grepet, men i framtida bør ho i sterkare grad utfordra tekstforfattaren i seg.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.