Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Seinromantisk

Quantum Clarinet Trio syner oss Brahms’ lange skugge.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Quantum Clarinet Trio blei stifta i 2014.

Quantum Clarinet Trio blei stifta i 2014.

Foto: Johannes Jost

Quantum Clarinet Trio blei stifta i 2014.

Quantum Clarinet Trio blei stifta i 2014.

Foto: Johannes Jost

2681
20240405
2681
20240405

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

CD

C. Frühling, R. Kahn, J. Brahms:

Klarinett­trioar

Quantum Clarinet Trio. Hänssler 2023

Johannes Brahms’ Klarinettrio i a-moll, op. 114, er essensen av romantisk melankoli i musikken. Den stigande cellosoloen i opningssatsen «Allegro» er som eit ope spørsmål, som klarinetten kommenterer med sin ambivalente melodi – før klaveret svarar rytmisk nervøst i djupt register. Dette verket frå 1891 utgjorde startpunktet for Quantum Clarinet Trio i 2014, som blei danna av musikarar som då studerte ved musikkhøgskulen Mozarteum i Salzburg. Den italienske klarinettisten Elena Veronesi, den tyske cellisten Johannes Przygodda og den koreanske pianisten Bokyung Kim spelar med ungdommeleg eldhug og eleganse. Den tekniske presisjonen deira kan vanskeleg overgåast.

Inntakande

Men Brahms-tolkinga deira har også tyngd og djupn der det trengst. I den innettervende andresatsen «Adagio» er det klarinettistens songlege dur-melodi som dominerer, med umåteleg lange frasar i toppregisteret der Kim blæs mest utan pustepausar. Tredjesatsen «Andante grazioso» er meir kortpusta; i dette inntakande intermessoet får alle musikarane brusa med fjørene – i valserytme.

I finalesatsen «Allegro» finn Brahms attende til tyngda frå fyrstesaten. Dette er den mest skifterike, for komponisten har her greidd kunststykket å kombinera musikalsk materiale frå alle dei føregåande satsane. Med tett samspel fører musikarane det som i utgangspunktet var motsetnader, harmonisk saman.

Passé patos

Brahms-trioen er eit standardverk, medan dei to andre stykka på plata sjeldan har blitt framførte. Både Carl Frühling (1868–1937) og Robert Kahn (1865–1951) var av jødisk ætt, difor blei musikken deira stempla som entartete Kunst av nazistane. Framføringsforbodet blei lagnadstungt også på lang sikt: Då komposisjonane atter kunne spelast etter krigen, var den seinromantiske patosen deira passé.

Klarinettrio i a-moll, op. 40, av Frühling, som kom frå Lemberg (i dag Lviv i Ukraina), syner klår påverknad frå Brahms. Men det melodiske er meir lettbeint, og klarinetten dominerer støtt, på kostnad av celloen. Sterkast er den salmeaktige tredjesatsen «Andante», der Frühling har late seg inspirera av synagogesongen i heimbyen.

Livsverket til Kahn, som kom frå Mannheim og emigrerte til England, er endå meir ukjent. Hans Serenade, op. 73, byrjar også i ein utprega «brahmsk» tone, med tiltalande, om enn noko preglaus melodikk. Meir særpreg er det over den raske midtdelen, der kvikke tonerekkjer i klarinetten gjev assosiasjonar til austjødisk klezmermusikk.

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis