Sjarmerande og dønn ærleg
Ny kvartett debuterer med americana-album.
The Red Barn er ein bergensbasert kvartett.
Foto: Per Finne
Jazz / Americana
The Red Barn:
The Red Barn
Aksel Røed, saksofonar; Mathias Marstrander, gitar, pedal steel og perkusjon; Arne Toivo Fjose, bass, cello og perkusjon; Kåre Opheim, trommer og perkusjon.
Musicwelike Records
Kva er det med countrymusikken som fascinerer og inspirerer så mange jazzmusikarar? I møte med kvartetten The Red Barn er det grunn til å stilla spørsmålet. Den bergensbaserte kvartetten med vossingen Kåre Opheim som seniormedlem er av heller ny dato. Musikken er spelt inn for vel eit år sidan, og Fjose og Marstrander har komponert fire låtar kvar, medan Røeds «So Close, So Come» avrundar side A. (Eg har lytta på vinyl, som de forstår.)
Sjangernemninga americana blir brukt om eit vidt spekter av musikalske uttrykk med utgangspunkt i amerikansk populærmusikalsk tradisjon. The Red Barn spelar ein variant av instrumental americana, og dei gjer det med overtyding. Ikkje på noko tidspunkt verkar sjangerrammene hemmande. Sjølv i den tradisjonelle «Blue Stream» tippar det ikkje over i ufrivillig sentimentalitet. Dei gjev seg medan leiken er god.
Gitaren og pedal steel-en til Marstrander pregar lydbiletet sterkt. Temaa blir ofte presenterte og utvikla på mest delikate vis av Røed og Marstrander i lag. Fjose og Opheim held i gang eit enkelt og effektivt komp som aldri overlesser eller går i vegen, men dei er der på botnsolid vis. Det er avgrensa rom for improvisasjon i musikken, men både Marstrander og Røed har nokre få korte innspel som løfter musikken, spesielt det dei gjer på Fjoses «Mr. Goomba», peikar mot ein opnare konsertversjon av bandet. Musikken er leiken og sjarmerande, men samstundes dønn ærleg.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.