Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Slektstreff i Leipzig

Verdas eldste Bach-festival samla deltakarar og tilskodarar frå femti land.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Slektsgranskar: J.S. Bach var stolt av opphavet sitt og teikna mellom anna slektstreet til Bach-familien.

4331
20220624
4331
20220624

Kommentar

sjurhabring@gmail.com

«Bach – We Are Family» var mottoet for årets Bachfest Leipzig, som gjekk av stabelen frå 9. til 19. juni og med 153 arrangement og 64.000 publikummarar er verdas største Bach-festival. Statistikken imponerer: Over 3000 musikarar medverka, mellom dei 51 kor, 43 orkester, 54 dirigentar og 208 solistar. Sjølv om delar av verda framleis har reiserestriksjonar, kom publikum frå over femti land, noko som gjer Bachfest til den mest internasjonale klassisk musikk-festivalen i Tyskland.

For meg som kom rett frå Festspillene i Bergen, kunne ikkje kvalitetskontrasten ha vore større. I Bergen gjekk festspela på sparebluss i år, med oppsiktvekkjande få interessante klassiske konsertar. I Leipzig, derimot, fekk dei i stand ein av dei beste festivalane eg har opplevd.

Med unntak av ein støttekonsert for Ukraina spelte ikkje politikk, klima og alt som sorterer under sekkeomgrepet «mangfald», noka rolle i Leipzig – i motsetnad til i Bergen. For Bachfest er det den kunstnarlege kvaliteten som kompromisslaust står i fokus, og sjølvsagt kjærleiken til J.S. Bachs musikk. Det er herleg, for alt det politiske som pregar kunstfeltet i Noreg, får me jo rikeleg av elles, anten me opnar ei avis eller skrur på radioen eller fjernsynet.

«Bachar» i Kyiv

«Bach – We Are Family» – korleis skal me skjøna dette mottoet? For Bachfest hadde det ei dobbel tyding: éi konkret og éi overført.

J.S. Bach, som blei fødd i Eisenach i 1685 og døydde som kantor i Thomaskyrkja i Leipzig i 1750, var så visst ikkje noko musikalsk løvetannbarn. Han var den fagraste blomen på Tysklands største musikarslektstre, med over 80 komponistar og musikarar på 1600- og 1700-talet. Så dominerande var Bach-familien i det som i dag er delstatane Thüringen og Sachsen, at omgrepet «bach» blei nytta synonymt med «musikar» heilt fram til slutten av 1700-talet.

Som så ofte med folk som dreg på åra, blei J.S. Bach utover i livet stadig meir oppteken av slektsforsking. Han teikna eit detaljert slektstre og samla komposisjonane til forfedrane sine i det han kalla «Alt-Bachisches Archiv» («det gamalbachske arkivet»). Denne personlege notesamlinga forsvann frå Tyskland under andre verdskrigen, men blei gjenoppdaga i Statsarkivet i Kyiv for kring 20 år sidan. Musikk herifrå utgjorde programmet til konsertserien «Bachs røter» under årets festival, der dei familiære førebileta til komponisten var å høyra.

Festivalen hadde òg ein annan serie, «Bachs frukter», som presenterte musikk av sønene hans. Desse blei òg store komponistar – særleg den nest eldste, C.P.E. Bach – som i samtida var meir vidgjetne enn det «far» Bach i si tid hadde vore.

Slektsstemne

I stordomstida møttest den vidt forgreina Bach-slekta til slektsstemne éin gong i året. Under stemnet åt og drakk dei godt, og sjølvsagt musiserte dei i lag. Det er i denne samanhengen festivalmottoet i overført tyding skal skjønast.

I dag er Bach-familien nemleg ein global familie, for over heile verda finst der Bach-elskarar som er organiserte i Bach-foreiningar, Bach-orkester og Bach-kor – eller dei er ikkje organiserte i det heile, men er amatørar som elskar J.S. Bachs musikk. Eg har sjølv opplevd dette når eg treffer folk som deler kjærleiken min til komponisten: Same kvar dei kjem frå, eller kva som er bakgrunnen deira, har me alltid noko verdfullt sams, noko me kan snakka om og identifisera oss med.

For Bachfest er ikkje mottoet berre fagre ord. Over 50 Bach-kor og -ensemble frå alle verdsdelar (minus Antarktis) klarte festivalleiinga å snusa opp, og dei blei alle inviterte til «slektsstemne» i Leipzig. Der song og spelte dei i kyrkjer, i konsertsalar og på friluftsscena på Leipzigs gamle marknadsplass midt i gamlebyen – dels til langt på natt.

Den store pågangen og reiserestriksjonane som framleis finst utanfor Europa, gjorde at ikkje alle dei inviterte kunne ta del i år. Difor skal Bachfest feirast under same motto att i 2024. Det kunngjorde festivalsjefen, den kjende Bach-forskaren Michael Maul – utan å nytta moteord som «inkludering» éin einaste gong.

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

For Bachfest er det den kunstnarlege kvaliteten som kompromisslaust står i fokus.

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis