Snusmumrikkmusikk
Lydsporet til det nye norske spelet om Mummidalen er fredsælt, men Sigur Rós kunne det vore forutan.
Spelmusikk
Oda
Tilset,
Sigur Rós
Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen
Raw Fury / Noknok Audio
Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen er eit spel med musikk i sentrum. Det er utvikla av norske Hyper Games, og musikken er komponert av Oda Tilset med bidrag frå det islandske postrockorkesteret Sigur Rós.
Komposisjonane til Oda Tilset er minimalistiske og avslappande. Hovudtemaet byggjer variasjonar kring ein roleg melodi, framført på omgang med silkemjuke fløyter, fyldig kassegitar og romsleg melodisk perkusjon, krydra med fredsæl, forsiktig, men kontant slagverk. Sjølvsikre pianotriller og stakkato stryk blandar seg inn i den fredfulle sildringa i den jamne lydrøra.
Mummidalen er jo ein frodig stad, og her kan ein formeleg høyre graset gro og blomane opne kronblada i morgondogg, fager kveldsol og skimrande måneskin – samstundes. Dette er musikk som nullar ut tidsoppfatninga; eg synest eg høyrer ein og annan underleg synthtone her og der, men uansett korleis lydbileta er konstruerte, er dei dominerte av akustiske instrumentlydar. Likevel minner den tilbakehaldne, presise stilen og rolege stemninga om Haruomi Hosonos legendariske bakgrunnsmusikkstykke frå 1984, Watering A Flower.
Sigur Rós er å høyre i endestykka, framom og bak. Og dei songane der får tidsoppfatninga til å gå i stå. Dei er beint fram gørr keisame – slik er det no for det meste med Sigur Rós’ spake, pompøse stil, overaust av vasne gitareffektar og utruverdig lidande tenåringsfurtevokal. Heldigvis er dette ein liten del av lydsporet til Snusmumrikkens digitale vandring. Han skulle forresten ha fått seg eit reinare munnspel, for det der skjer skarpt i mine lytteorgan.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.