Sollids univers
Meson er langt unna den musikalske allfarvegen.
Torgrim Sollid.
Foto: Thomas Winther Andersen
Jazz
Torgrim Sollid:
Meson
Torgrim Sollid, trompet og vokal; Elin Rosseland og Ingeborg Gravem Sollid, vokal: Andreas Wildhagen, trommer. Roselyd
Med utgjevingane til prosjektbandet Søyr har Torgrim Sollid for alltid sikra seg ein plass i norsk jazz. Som primus motor i prosjektet Østerdalsmusikk (Mai, 1975) var han med på å skapa interesse for norsk folkemusikk i jazzkrinsar.
I dei seinare åra har Sollid vore mest oppteken med å undervisa, og med unnatak av dei to platene med Warne Marsh har han spelt inn lite med små band. Å runda 80 år kan vera eit passande høve til å gjera noko med dette.
Meson er ein type elementærpartikkel som tek del i sterke vekselverknader og som lett desintegrerer, kan Store norske leksikon fortelja. Sollid har såleis funne eit høveleg namn på plata. Ved første gjennomhøyring opplevde eg eit deja vu. Eg kjende det slik at bandet tok meg 50 år attende i tid, til dei første møta mine med europeisk frijazz. Dette er så absolutt eit originalt uttrykk, men eit uttrykk så fullstendig reinsa for elektronikk, så fullstendig fokusert på stemmene og instrumenta at det gav meg ei kjensle av å gå attende i tida.
Komposisjonane består stort sett av korte melodiske fragment og stemningar som ofte endrar karakter. Pulsen i musikken kjem og går. Kvartetten har ei utprega assosiativ tilnærming til det å laga musikk. Det er fascinerande å vera med på ferda. Stor takk skal også lydteknikar Thor Bjørn Neby ha for å vera 100 prosent på bølgelengd heile tida.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Torgrim Sollid:
Meson
Torgrim Sollid, trompet og vokal; Elin Rosseland og Ingeborg Gravem Sollid, vokal: Andreas Wildhagen, trommer. Roselyd
Med utgjevingane til prosjektbandet Søyr har Torgrim Sollid for alltid sikra seg ein plass i norsk jazz. Som primus motor i prosjektet Østerdalsmusikk (Mai, 1975) var han med på å skapa interesse for norsk folkemusikk i jazzkrinsar.
I dei seinare åra har Sollid vore mest oppteken med å undervisa, og med unnatak av dei to platene med Warne Marsh har han spelt inn lite med små band. Å runda 80 år kan vera eit passande høve til å gjera noko med dette.
Meson er ein type elementærpartikkel som tek del i sterke vekselverknader og som lett desintegrerer, kan Store norske leksikon fortelja. Sollid har såleis funne eit høveleg namn på plata. Ved første gjennomhøyring opplevde eg eit deja vu. Eg kjende det slik at bandet tok meg 50 år attende i tid, til dei første møta mine med europeisk frijazz. Dette er så absolutt eit originalt uttrykk, men eit uttrykk så fullstendig reinsa for elektronikk, så fullstendig fokusert på stemmene og instrumenta at det gav meg ei kjensle av å gå attende i tida.
Komposisjonane består stort sett av korte melodiske fragment og stemningar som ofte endrar karakter. Pulsen i musikken kjem og går. Kvartetten har ei utprega assosiativ tilnærming til det å laga musikk. Det er fascinerande å vera med på ferda. Stor takk skal også lydteknikar Thor Bjørn Neby ha for å vera 100 prosent på bølgelengd heile tida.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.