Stille natt
Hiss Golden Messenger har laga årets juleplate.
His Golden Messenger eller Mike (M.C.) Taylor.
Foto: Chris Frisina
Rock
Hiss Golden Messenger:
O Come All Ye Faithful
Merge Records
Eg var ikkje lenger enn eit par minutt inne i «Hung Fire», opningssporet på O Come All Ye Faithful, før eg forstod at eg hadde funne mi juleplate i år. Hiss Golden Messenger høyrest heilt ut som seg sjølv, også når Mike (M.C.) Taylor (f. 1975) vågar seg ut i dette farefulle terrenget – og der ligg vel også nøkkelen til at dette er eit så fint album. Mannen nærmar seg høgtid og ferietid, med alle sine motsetnader, med same nærleik som kvardagen.
Det har etter kvart vorte ei flott lita rekkje med utgivingar frå Hiss Golden Messenger, med gjennomgåande høg kvalitet. Terms of Surrender (2019) fekk Grammy-nominasjon som årets americanaplate då ho kom for to år sidan, og bandets hittil siste studioutgiving, Quietly Blowing It, som kom før i år, var også solid. Eg høyrer dessutan til mellom dei som stadig vender tilbake til Lateness of Dancers (2014), som eg har nemnt tallause gonger før på desse sidene.
Rotfesta låtskrivar
Kvalitetane som definerte desse og andre plater, er også til stades på O Come All Ye Faithful. Taylor er ein sterk rotfesta låtskrivar og vokalist, og kler musikken med gitarar, piano og orgel og saksofon, med eit laust, men stødig komp i botnen.
I desse songane spøkjer både Garth Hudson (The Band) og nyare tilskot i tradisjonen, som Doug Paisley, som har noko av den same dempa gløden som Taylor.
Det dreier seg om ei lita og audmjuk utgiving, ni songar på knapt førti minutt, der Taylor kombinerer eigne originalkomposisjonar med tradisjonsmusikk, og tolkingar av velvalt låtmateriale av artistar så ulike som Spiritualized, Woody Guthrie og Creedence Clearwater Revival. Det skadar heller ikkje at folk som Aoife O’Donovan, Nathaniel Rateliff, Erin Rae og Buddy Miller er inviterte med.
Ned på jorda
I ei pressemelding forklarer Taylor at han såg sitt snitt til å ta det heile ned på jorda og markere det som for han kjenneteiknar tida på året vi er inne i, nemleg at ho er stille, kontemplativ, søkjande og bittersøt. Ser ein slik på det, passar Hiss Golden Messengers jordnære americana perfekt som følgje.
Det verkelege sjakktrekket her er å tredele albumet, slik at du får Taylors sjølvkomponerte «Hung Fire» side om side med songar som «Shine a Light» (Spiritualized) og «Silent Night», som ein utruleg nok høyrer som om det skulle vere for første gong. Med Guthries «Hannukah Dance» vert det herleg livleg, med klapping og fele og det heile, og avsluttande «As Long As I Can See the Light» er rett og slett Hiss Golden Messenger på sitt beste.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.