Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Sunnmøre i verda

Ålesund symfoniorkester spelar musikk av to levande og ein død.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ålesund symfoniorkester som snart har 75-årsjubileum, har 65 medlemmer.

Foto: Johanna Veiberg / Smiilfoto

4539
20181102
4539
20181102

Orkesterkonsert

Marius Moaritz Ulfrstad, Bertil Palmar Johansen, Kjell Flem:

Klangen av Sunnmøre III – Mot Arktis

Ålesund Symfoniorkester med dirigent Lars-Thomas Holm
Parken Kulturhus i Ålesund, 28. oktober 2018

Noreg har i dag sju profesjonelle symfoniorkester. Men i tillegg er det nokre semiprofesjonelle, der landsdelsmusikarar og musikklærarar spelar. Eitt av dei fremste av desse er det snart 75 år gamle Ålesund Symfoniorkester (med 65 musikarar), som har eit godt konsertlokale i kulturhuset Parken.

Orkesteret har tatt på seg ansvaret med å henta fram lokale komponistar – men lokale berre når det gjeld fødestad og bustad, ikkje når det gjeld musikken. Dei siste åra har dette engasjementet vorte kanalisert i Ulfrstadprosjektet, der orkesteret hentar fram musikken til Marius Moaritz Ulfrstad (1890–1968), vel kjend og mykje spela i mellomkrigstida, òg i utlandet, mellom anna i Sverige under taktstokken til Karajan, og av Wiener Symphoniker i Musikverein.

Men etter krigen, av fleire grunnar, vart han gløymt, kan hende særleg av di stilen, tysk seinromantikk, med innslag av fransk impresjonisme, var umoderne. No skal det skrivast ein biografi, og ei byste skal setjast opp utanfor Parken.

Publikumsvenleg

På årets konsert, med tittelen Klangen av Sunnmøre III – Mot Arktis, vart Ulfrstads Arktisk Suite framført. Skjønt det var uklårt kor mykje dette var Ulfrstads eige verk, ettersom Ulfrestadprosjektet hadde henta fram nokre øskjer med notar og orkestrert og føydd dei inn i den opphavlege orkestersuiten frå 1928.

Resultatet var likevel høyreverdig, for suiteforma gjev rom for episodiske innslag utan direkte samanheng. Musikken var meir seinromantisk enn impresjonistisk, av og til med solistiske og folkemusikalske innslag som minte om Geirr Tveitt.

Konserten var ikkje berre vigd Ulfrstad, men òg to andre sunnmørske komponistar som heldigvis ikkje er døde og ikkje gløymde: Bertil Palmar Johansen (fødd 1954) var representert med stykket Seatime, som saman med ein video skulle ta opp klimaspørsmål. Musikken var instrumentert nokså tradisjonelt, og var publikumsvenleg utan utfordrande dissonansar eller brot med tonalitet, men likevel med personleg karakter.

For meg var musikken i seg sjølv noko formlaus og langdryg. Det var uklårt om dette berre skulle vera understøttande film- eller videomusikk. Om så var, forsterka det inntrykket av at videoen sjølv var formlaus og langdryg.

Høgdepunkt

Noko heilt anna med kveldens høgdepunkt, Ultima Thule, av 75-årsjubilanten Kjell Flem. Ettersom eg er tilhengjar av å setja pris på komponistar medan dei er i live, framfor å setja opp byster av dei etter at dei er døde, skal eg her nytta jubileumshøvet til å seia litt om Flem generelt, og ikkje berre om kveldens framførte verk. Kjell Flem er utdanna kantor ved Musikkonservatoriet i Bergen og studerte så frå 1968 ved Sibelius-akademiet i Helsinki under Einar Englund og Einojuhani Rautavaara. Seinare tok han ein mastergrad i komposisjon i Chicago (der han fekk treffa den kjederøykande Sjostakovitsj i 1972). Han har òg bak seg eit toårig studium (1986–87) i Japan hos Akira Miyoshi. Flem er langt ifrå lokal som musikar, må ein kunne seia.

Desse påverknadene har resultert i ei ikkje lang opusliste, men der kvart verk er omhyggeleg gjennomarbeidd. Ultima Thule, til dømes, arbeidde han med frå 1974 til 1989. Vi kan godt høyra at han har gått i den finske skulen, men òg den japanske.

Flem lagar ikkje pling-plong-musikk, men musikk som vert forma både av musikalsk logikk og dramatiske forteljingar. Ultima Thule er typisk i så måte: musikk med byrjing og slutt, frå det heilt stille til det heilt stille, og mellom dette: bilete av ei kald og snødekt arktisk verd som smeltar i aggressiv vårløysing, medan slagverkarane lagar iskrystallar og dråpar.

Det slåande med Flems musikk er at så mykje skjer på kort tid. Stykket er utfordrande for eit semiprofesjonelt orkester, men eg tykte ålesundsorkesteret klarte seg bra.

Slik er det også med den andre musikken til Flem: særs innhaldsrik, ikkje minst klaverkonserten hans – etter mitt syn den flottaste klaverkonserten av ein nordmann, etter Grieg, sjølvsagt. I det siste har Flem òg laga ein svingande rytmisk cellokonsert og ein stram strykekvartett. Ein kan heldigvis få tak på noko av dette på CD.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det slåande med Flems musikk er at så mykje skjer på kort tid.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis