JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Syng meg ein plass

Det stadnære kan spele seg ut på ulike vis.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Signe Marie Rustad kjem med eit nytt album i dag.

Foto: Marthe Amanda Vannebo

3155
20230217
3155
20230217

Americana / Rock

Signe Marie Rustad:

Particles of Faith

Die With Your Boots On Records

Americana

Mary
Elizabeth Remington:

In Embudo

Loose Music

Kva var det som skjedde i Carrickalinga? Spørsmålet melder seg når ein lyttar til songen med same namn, som er kalla opp etter ein liten kystby i Sør-Australia, eit nøkkelspor på Signe Marie Rustads fine, nye album Particles of Faith.

Meir reindyrka

Det er eit klassisk grep, det å ramme inn ein låt med eit stadnamn – slik kan ein mane fram ei stemning med nokre hintande, suggestive bilete, dei naudsynte konturane av ei forteljing, men ikkje meir.

Og her er det fint gjort, med Rustads varme røyst i midten av det heile, ein uortodoks, litt haltande rytme i botnen, og, i nokre herlege avsluttande minutt, ein vedunderleg saksofonsolo ved Harald Lassen – du og du, så glad eg er for at han fekk sleppe til slik.

Rustad, som gjorde suksess med When Words Flew Freely for tre år sidan, er tilbake med eit meir reindyrka americanauttrykk, med klare liner til singer-songwriter-tradisjonen, og ekko frå både 1970-, 1980- og 1990-talet. Artisten sjølv har produsert, saman med Kenneth Ishak, på ei solid utgiving som til same tid kjennest både heilskapleg og variert nok.

Knytt til naturen

Musikken kan sjølvsagt vere forankra i det stadlege på fleire måtar, også meir direkte enn i tilfellet «Carrickalinga». Og kanskje finst det ikkje noko betre døme på nett det enn det innspelte materialet som ofte vert referert til som «feltopptak»? Eg tenkjer her på musikk laga utanfor rammene av det tradisjonelle platestudioet, av typen som til dømes John Lomax (1867–1948) fekk festa til teip. Der inngjekk samlinga i eit bevaringsarbeid, men slike opptak er også med tida omgitt med ein eigen estetikk, der ideen om det nære og autentiske får spele ei viktigare rolle enn studioteknologien og optimaliseringa av lydkvalitet.

Det er slik vi møter feltopptaket som idé på Mary Elizabeth Remingtons nye album In Embudo, som er spelt inn i eit enkelt fire spors-studio i eit lite hus ved elva Rio Grande i Embudo i New Mexico. Hit har artisten fått med seg Adrianne Lenker og James Krivchenka (Big Thief) og Mat Davidson (Twain). Når ein lyttar, kan tankane tidvis gå til nett Lenkers lo-fi-soloplater frå 2020, Songs og Instrumentals, som vart spelte inn i ei hytte i Massachusetts.

Det var i denne delstaten Remington vaks opp, i ei tømmerhytte ved elva Moose Brook, og i songane på In Embudo kan ein definitivt høyre ei tilknyting til det rurale, til naturen – og til det stadlege. Fleire gonger kan ein dessutan ta seg i å tenkje at det ein høyrer, like gjerne kunne ha vorte framført for hundre år sidan, og at ein dermed kjem tett på det idealiserte biletet av trubaduren ved leirbålet – ikkje minst når Remington og Lenker bryt ut i latter på slutten av «Mary Mary», ein ukalkulert augneblunk som ber i seg ein intimitet som lyttaren ikkje eit sekund tvilar på er ekte. Slik skjedde det, og det skjedde akkurat der: Musikken fangar staden, og staden fangar musikken.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.

Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Praten flyt lett

Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis