JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Tid for synth

Casiokids er tilbake.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Casiokids har gitt ut eit nytt album og skal på turné.

Foto: Rune Vandaskog

2969
20241004
2969
20241004

Pop

Casio­kids:

Tid for hjem

Jansen Records

Synth ohoi! Ikkje overraskande fyller synthen lydbiletet idet Tid for hjem, comebackalbumet til Casiokids, brakar i gang, i ein intro der både Omar Emanuel Johnsen, Kjetil Bjøreid Aabø og Fredrik Vogsborg trakterer instrumentet, medan sistnemnde også syng. Kva kan passe betre for eit band som trass alt ber synthen med seg i sjølve namnet?

Medan lyden av synth ein gong var futuristisk, er han i dag også nostalgisk og rommar ein eigen motsetjingsfull estetikk som varer ved og kjem i stadig nye tappingar. Det er ikkje så lenge sidan eg høyrde Beach House snakke i eit intervju om kor glade dei var i lyden av leike-aktige keyboard laga av Yamaha og Casio. Synthen er eit markant, identitetsskapande alternativ i verktøyboksen, og lyden av Casiokids passar like godt i 2024 som i 2009, då eg først beit meg merke i dei, den gongen «Finn bikkjen», frå andrealbumet Topp stemning på lokal bar, summa frå alle høgtalarar.

Endå eit kapittel

Det er jo ei stund sidan, og meir enn eit dusin år har også passert sidan førre utgiving, den framifrå Aapenbaringen over aaskammen (2011). På den tida var det mykje hurlumhei rundt Casiokids, med Spellemann-nominasjonar og talentstipend frå a-ha, men så blei det stille.

Andre prosjekt, både private og profesjonelle, vart prioriterte etter tredjealbumet, i ein periode som berre blei lengre og lengre – så lang at fansen kanskje trudde at det siste kapittelet var skrive i sagaen om Casiokids.

Heldigvis var det ikkje det. Johnsen, Aabø og Vogsborg fører an på heile Tid for hjem, ikkje minst på synthfestar som «I ettervarmen», «Ein levende linjal», «Når eg ser deg» og tittelsporet. Ketil K. Endresen og Geir Svensson dukkar opp her og der, i kontante bandspor som «Brunsniggelen» og det herlege sydensjokket som er «Karibisk stemning».

Gamle skisser

Ein anar at noko av materialet stammar frå gamle skisser, men Tid for hjem kjennest aldri samanraska. Når dei bestemmer seg for å gjere lydbiletet hakket rikare, med det flotte avslutningssporet «Eg fant noen spor», der Matias J. Monsen er med på piano og cello, og Vogsborg spelar pedal steel, funkar det som berre det.

Vogsborgs eteriske vokal passar godt til den popmusikken Casiokids lagar, anten han rommar melankolske klangbotnar («Når eg ser deg») eller snurrige skråblikk («Brunsniggelen»). At det er rom for begge delar om kvarandre, er ein stor styrke. Alle desse åra seinare er framleis Casiokids leikne, eksperimentelle og vitale, og dette er låtar som treng den typen kraft i botnen.

Rapportane frå Øya fortel elles at også konsertbandet Casiokids er tilbake for fullt, med gigantdokkene og heile kostebinderiet, og snart er dei på veg i di retning, på ein turné som fører dei til Haugesund, Stavanger, Trondheim, Bergen, og Oslo – det blir vel verdt å få med seg.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis