Tilbake til Memphis
Kevin Morby har laga si beste plate så langt.
Kevin Morby er til å kjenne att på den nyaste plata.
Pressefoto
Rock
Kevin Morby:
This Is a Photograph
Secretly / Playground
Endeleg vert den gåverike røysta Jeff Buckley (1966–1997) heidra på skikkeleg vis i ord og tone, i «Disappearing» og «A Coat of Butterflies», to av fleire høgdepunkt på This Is a Photograph, det nye albumet til Kevin Morby. Dei som har levt lenge nok, minnest sjokket då Buckley forsvann i bølgjene i Mississippi-elva under arbeidet med det som skulle verte andreplata, ei tragisk hending som Morby sirklar rundt utan å gå seg vill – ein er alltid i likvaka til nokon, syng han, «you’re singing while you’re sinking in sand».
Det er fint gjort, i ein elegi som fort kunne ha vorte noko klein, men som heldigvis ikkje er det, og som passar fint inn på dette albumet. This Is a Photograph er ei Memphis-plate, skriven og komponert i rom 409 i the Peabody Hotel, mellom spaserturane Morby hadde i ein av dei mest sentrale musikkbyane i USA.
Referansar
Albumet er dermed heimsøkt av historiske personar, stader og hendingar, utan at det nokon gong vert tilgjort eller stivt, noko som fort kunne ha skjedd med ein artist mindre talentfull enn Morby. Nokre gonger dreier det seg om små allusjonar, andre gonger om opne, utvitydige referansar, til alt frå bandet Big Star til musikken som voks ut frå platestudioet Stax – for å nemne noko.
Kanskje kan ein seie at arbeidet med This Is a Photograph først tok til då faren til Morby vart dårleg og måtte til sjukehus midt i eit måltid, under eit besøk i barndomsheimen i Kansas City. Han kom seg heim igjen, men i nokre timar då alt var uvisst, vart sonen sitjande med ei øskje med gamle fotografi, mellom dei eit av far sin, frå ei tid då han var ein ung mann full av kraft og med framtida føre seg og hadde noko usårleg over seg. Opplevinga, og ikkje minst det konkrete biletet, opna det Morby kallar «eit vindauge til fortida», og la til rette for ein type refleksjon over liv og død fleire lyttarar vil vere fortrulege med.
Attkjennande
Det er ikkje vanskeleg å kjenne att Morby frå tidlegare plater i desse nye songane. Den forteljande snakke-synginga er på plass, og i «A Coat of Butterflies» er harpa (ved Brandee Younger) og gutekoret der, ikkje ulikt stemningane ein kunne finne på Oh My God (2019).
Men gjennomgåande er This Is a Photograph endå råare, som i den kledeleg rufsete americanaballaden «Bittersweet, TN», ein nydeleg duett med Erin Rae (omtalt på desse sidene for nokre veker sidan då Lighten Up kom ut), og med Eric Johnson på banjo, der Morby leverer verselina: «The living took forever but the dying went quick.» Ikkje berre er Rae med og syng denne gongen, det er også Cassandra Jenkins, båe utstyrte med ei røyst som kontrasterer fint med Morbys dylanske, lakoniske tilnærming som vokalist.
This Is a Photograph kjem på eit vis heim i tittelsporet, som er spelt inn i Memphis-studioet Jerry Phillips har teke over etter faren Sam Phillips, der lokale musikarar er med. Krafta som bur i eit fotografi, har framleis noko mystisk over seg, og Morby skildrar henne med eit nyfike blikk, idet han ser på den unge faren i bar overkropp som smiler i sola. Kva seier biletet? «This is what I’ll miss after I die/ this is what I’ll miss about being alive.»
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
–FN-soldatane er det internasjonale samfunnets gissel mellom Israel og Hizbollah, seier Robert Mood.
Teikning: May Linn Clement
«Vladimir Putin har grunn til å vera nøgd med stoda i krigen i Ukraina.»
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Amerikanske grensevaktar om bord i eit hydroplanfartøy med vasspropell på Rio Grande. I vasskanten: våte klede som migrantar har late att. Bak: konteinarmuren.
Alle foto: Håvard Rem
Ei grensevakt fortel
EAGLE PASS: Der kvite vert færre, vert Republikanarane sterkare, her
i Texas som i Florida. Er dette «å mista Groruddalen» på amerikansk?
Brosundet i jugendbyen Ålesund.
Foto: Halvard Alvik / NTB
Opprør utan variasjon og dekor
«Opprørarane sveisar fast at berre den typen arkitektur opprørarane sjølve godtek, er kultur.»