Ting tek tid
Courtney Barnett er tilbake i solid form.
Courtney Barnett er klar for verda med album nummer tre.
Foto: Mala McDonald
Rock
Courtney Barnett:
Things Take Time, Take Time
Milk! / Playground
Det er morgon. Ein stol vert dregen bort til vindauget slik at ein kan studere gatelivet, der søppelbilen skranglar forbi og ein forelder lærer eit barn å sykle: Slik er den enkle kvardagsskildringa som dreg i gang Courtney Barnetts nye album, det tredje, Things Take Time, Take Time. Derfrå leier opningssporet «Rae Street» oss over i ein refleksjon rundt evna enkeltmennesket har til handling og endring. Velmeinte ord spelar inga rolle frå eller til, syng Barnett, «unless we see some change», og følgjer opp i neste verseline: «I might change my sheets today.»
Eg lo med meg sjølv då eg først lytta til plata for eit par veker sidan, idet klimatoppmøtet i Glasgow kulminerte, eller fisla ut. Barnett er ein framifrå observatør og skarp forteljar, med sans for dei rette detaljane, kjenneteikn som er til stades frå første sekund på haustens plate.
«Rae Street» er ikkje den einaste songen på det nye albumet som sirklar inn avmakta vi ofte kan kjenne på som enkeltmenneske i ei verd med for store utfordringar. «Sit beside me, watch the world burn», heiter det i «Write A List Of Things To Look Forward To», og litt seinare: «We did our best, but what does that really mean?»
Tilbakelent
Seks år har gått sidan eg melde første album frå Barnett på desse sidene, den passande underfundig titulerte debuten Sometimes I Sit and Think, and Sometimes I Just Sit (2015). Men det var ikkje første gongen eg skreiv om Barnett, for eg var ikkje åleine om å merke meg låtane hennar då ho gav ut eit par fine EP-plater alt i 2013. Særleg fekk ho ein del merksemd for singelen «Avant Gardener», som skildra ei kvinne som ein sein kvardagsmorgon kjenner på sin eigne utslettande mangel på tiltakslyst og finn det for godt å prøve seg på hagebruk, noko som endar med panikkanfall og ein tur med ambulanse, alt saman meisterleg skildra av Barnett.
At det er same låtskrivar som står bak «Rae Street», er ikkje vanskeleg å høyre. Things Take Time, Take Time liknar meir på førstealbumet til Barnett enn den konfronterande, meir tydeleg sosialpolitiske andreplata Tell Me How You Really Feel (2018), ikkje minst i det musikalske uttrykket. Pønkete sinne er det lite av, låtane driv av garde på sitt eige, tilbakelente vis og utfaldar seg gradvis, litt slik samarbeidet med Kurt Vile i 2017, Lotta Sea Lice, gjorde.
Lakonisk
Barnett reindyrkar det lakoniske. Då hyllestplata til The Velvet Underground kom for nokre veker sidan, var det vel ho som i høgast grad sende tankane mine til Lou Reed. I dette uttrykket ligg det ein avstand og potensielt ei slags tilbaketrekking frå det som omgir oss. Men så kan desse låtane også like gjerne vere brått og avvæpnande nære, som den avsluttande skildringa av einsemd i «Oh the Night».
Tekstane er så gode, låtane så tette og vokalen så umiskjenneleg at ein fort kan gløyme kor viktig gitaren er for Barnett, som lærte «Smoke on the Water», som første song på instrumentet, av far sin, og som har ein ganske særeigen spelestil, venstrehendig og utan plekter. «Turning Green», som kjem midtvegs på Things Take Time, Take Time med ein overskridande solo, minner oss om alt dette.
Og nokre gonger vert vi dregne inn i ein slags Barnettsk tilstand, rett og slett, som med min favoritt denne gongen, «Here’s the Thing», som har noko undersjøisk over seg, slik også plata med Kurt Vile hadde det. Songen skildrar ein lengt formørkt av avstand, usikkerheit og tvil – formulert i eit brev som aldri nokon gong kjem til å verte sendt.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.