Trekkjer seg i satsen
Dette er soga om dei misbrukte høva.
Harald Lassen.
Foto: Gedvile Tamosiunaite
Jazz
Harald Lassen:
Opplevelser fra N (impro & låt)
Harald Lassen, saksofon, piano og synth; Bárdur Reinert Poulsen, bass; Veslemøy Narvesen, trommer, perkusjon og melodika.
Jazzland recordings
Plata er sett saman av åtte improvisasjonar og ein komponert låt. Alt saman i eit kort format der den lengste improvisasjonen er på fire og eit halvt minutt og den kortaste på om lag eitt. Nettopp kombinasjonen av fri improvisasjon og lengd på dei ulike stykka gjev utgjevinga særpreg, men reiser også ein del grunnleggjande spørsmål.
At N er ei forkorting for Noreg, er noko eg berre reknar med, og det har strengt teke ikkje noko å seia for korleis ein vurderer musikken. Det har heller ikkje det faktumet at Lassen for nokre år sidan hadde eit skilsetjande møte med filosofien til Arne Næss, sjølv om dette vert sterkt vektlagt i presseskrivet.
Musikken talar for seg. Dei åtte improvisasjonane har ulik karakter. Det spenner frå det vakre ballade-embryoet «Gutts fred i solituden» via eit strykebasskor som Lassen auser over med harpeliknande arpeggioar i «Ubeskrivelig syn», til det meditative «temaet» «Dyp reunion» spelt på saksofon med Poulsen i ei fri rolle før det strammar seg til rytmisk. Sjølv om det her er tale om improvisasjonar, har dei fleste stykka ei heilskapleg form som minner om komponerte låtar.
Det er ein god strategi å gå av scenen medan publikum ynskjer seg meir, eller gje seg medan leiken er god, men å gje seg før leiken i det heile har byrja, er ikkje tilrådeleg. I møte med Opplevelser fra N sit eg att med eit inntrykk av noko ufullenda, augneblinkane som ikkje blei tekne vare på. Trioen demonstrerer kva dette kunne ha vorte på nemnde «Dyp reunion» og i særleg grad på den einaste komponerte låten, «Con Arne». Sistnemnde er ei perle.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.