JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Ujamn hormonsprut

Dopamine er eit uhorveleg silkemjukt R&B-album med enkelte motivasjonsproblem.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1862
20240628
1862
20240628

R&B

Nor­­-mani:

Dopamine

RCA

Dopamine er Normanis (kjend frå R&B-gruppa Fifth Harmony) første soloalbum, og det er tale om ein intim affære.

Opningssporet «Big Boy» er mjukt slagkraftig, drive av djup bass og blodharry barytonsax, og vekslinga mellom kontant stakkatovokal og opne strofeavslutningar er medrivande.

«Still» tar oss med inn på ein slags sonisk strippeklubb, og ein underleg ambivalens ligg og lurer i VIP-rommet mellom usedvanleg brunstig bass, heimsøkjande koring og uventa rytmiske skift.

«All Yours» går utprega sakte, og ein får kjensla av å ha forvilla seg bak ein skinnsofa der det går føre seg usedeleg aktivitet, lik ein som ufrivillig invaderer intimsfæren. Her er basslina utprega slesk – Normani syng «mm ah oh ah», bassen svarar «ooooohmmm». «Lights On» er ein elskhugsballade i kategorien R&B med raude ljos – eg kjem til å tenkje på TLCs «Red Lights Special» frå 1994. Det har rett nok hendt litt i produksjonsverda sidan den gongen, og Normani er sanneleg ein meir habil vokalist.

«Take My Time» tar tempoet nokre hakk opp att med ein dansbar house-beat og casiokeyboardliknande piano. Det soniske silkesengetøyet er så smooth at det nesten er umogeleg å finne fotfeste; her er det tale om eit påtrengjande intimt ljodbilete.

Dopamine har for lengst gått til sengs, og «Insomnia» er ein trøytt affære. Det tek seg først opp ein fem–seks låtar seinare: «Little Secrets» er fengjande med eit omfattande uttrykk der retrodataspelsamplingar vert blanda med eit islett adult contemporary blant løver og sebraer på savannen, men sistesporet «Wild Side» er ikkje heilt vilt. Dopamine har sine augneblinkar, men meistrar ikkje å halde lyttemotivasjonen oppe heile kvelden.

Rasmus Hungnes

er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis