Underlege idear
John Jenkins’ gambemusikk krev sitt både av utøvarar og lyttarar.
Phantasm spelar gambemusikk av engelske John Jenkins (1592–1678).
Foto: Marco Borggreve
CD
John Jenkins:
Four-Part Consorts
Phantasm. Linn 2022
Sidan den kritikarroste debuten med Henry Purcells Fantasias på det norske plateselskapet Simax i 1995 har det engelske ensemblet Phantasm kome med to dusin album. Utgjevingane held eit imponerande jamt høgt teknisk nivå. Karakteristisk for programmeringa er at det meste er engelsk repertoar, at heile verkgrupper eller verksamlingar av einskildkomponistar blir presenterte, og at innføringstekstane i plateomslaga er skrivne med vitskapleg presisjon.
Skribenten er ensemblets primus motor: gambespelaren Laurence Dreyfus, som også er professor i musikkvitskap i Oxford. Han er ein utprega perfeksjonist med sans for systematikk i musikken. Også på den nye plata presenterer han komposisjonar der det rasjonelle styrer uttrykket, nemleg komplisert polyfoni (fleire sjølvstendige stemmer) av John Jenkins, som levde i England på det politisk og kulturelt omskiftelege 1600-talet.
Fantasiar
Phantasm er eit såkalla gambeconsort, eit omgrep som – til liks med strykekvartett – kan tyda to ting: For det fyrste ei ensembleform med strykeinstrumentet gambe (eigentleg viola da gamba, «beinfele» på italiensk), som var særs populær i England frå slutten av 1500-talet til slutten av 1600-talet. Og for det andre komposisjonar for denne ensembleforma.
Jenkins’ firestemmige consortstykke er sett saman av enkeltsatsar kalla Fantasy, ei komposisjonsform som opphavleg var instrumentale versjonar av 1500-talskormusikk. Dei strukturelle ideala i vokalpolyfonien lever vidare i Jenkins’ gambefantasiar frå 1620-åra, for dei fire einskildstemmene blir handsama likeverdig. Innsatsane kjem i tur og orden etter kvarande og utfaldar seg i jamn, roleg puls.
Stutte tema
Denne rolege flyten får Phantasm godt til. Jenkins’ musikalske tema er underleg stutte og lite songlege. Dette er langt frå seinbarokkens ideal når det gjeld gode fugetema (hjå seinare komponistar som Vivaldi, Händel og J.S. Bach er det jo ofte tale om ordentlege melodiar). Jenkins’ tema er derimot ofte berre sett saman av fire–fem tonar; dei er meir som melodiske og harmoniske figurar eller motiv å rekna, og det er kombinasjonen av stemmer som er det kompositoriske poenget. Å få til god flyt i framføringa er altså krevjande. Det krev også sitt av lyttaren, for på overflata er det er noko monotont ved Jenkins’ stil. Eg, i alle høve, trong litt tid for å venna meg til toneverda hans og oppfatta nyansane skikkeleg. Men Phantasms avvekslingsrike artikulasjon – evna musikarane syner til å poengtera det viktige gjennom frasering og dynamikk – opnar dørene til byggverk fulle av originale og vakre detaljar.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.