Utan bandet
Ein laussleppt kreativitet oppstår når Aaron Dessner og Justin Vernon lagar musikk saman.
Aaron Dessner og Justin Vernon lagar musikk saman under namnet Rock Big Red Machine.
Foto: Graham Tolbert
Rock
Big Red Machine:
How Long Do You Think It’s Gonna Last?
Jagjaguwar / Playground
Kanskje finst det nokre lesarar som har komme over «Phoenix» og lurt på kva artist dei eigentleg høyrer? Robin Pecknolds tindrande, bukoliske røyst sender tankane til Fleet Foxes, og så syng Anais Mitchell så fint med i duetten, i det eg held for å vere ein av årets finaste songar.
«Phoenix» er å finne på How Long Do You Think It’s Gonna Last?, den nye plata til Big Red Machine, som sikkert er eit namn som får fleire til å stusse. Bak skjuler det seg to velkjende musikarar og markante profilar, nemleg Aaron Dessner (The National) og Justin Vernon (Bon Iver). Sjølv om eit førstealbum kom ut for tre år sidan, gjekk det nok under radaren for mange, og det framstod kanskje som eit hobbyprosjekt, der det kreative fokuset framleis låg på banda deira.
Mangearta miljø
Big Red Machine kan ved første augekast sjå litt ut som eit sånt superbandopplegg som samlar prominente gjestar i fleng. Taylor Swift dukkar opp, og det same gjer sentrale, mindre kjende indienamn som This Is The Kit, Sharon Van Etten, Lisa Hannigan, Shara Nova (My Brightest Diamond) og Ben Howard, i tillegg til Pecknold og Mitchell. Men alle desse profilane er med fordi dei er ein del av eit mangearta musikkmiljø som har eksistert i årevis.
Dessner og Vernon arbeidde saman for første gong i samband med albumprosjektet Dark Was the Night (2008), altså før det verkelege kommersielle gjennombrotet til både The National og Bon Iver, og har hatt ei rekkje samarbeid i åra som følgde, inkludert på Swifts to siste plater, Folklore og Evermore (2020).
I likskap med desse er How Long Do You Think It’s Gonna Last? spelt inn i Dessners studio nord i delstaten New York, ein sentral musikalsk møteplass i samtidsamericanaen.
Frigjerande energi
Det er sjølvsagt ikkje vanskeleg å høyre tunge ekko frå både The National og Bon Iver på dette albumet, men musikken er også lausare, meir utforskande og kollektiv, sidan gjestane får mykje plass. Kanskje oppstår det ein frigjerande, kreativ energi og ein ny spontanitet når ein ikkje skal ta omsyn til dei forpliktande forventningane til trufaste lyttarar? Slik høyrest det i alle fall ut.
Mykje av How Long Do You Think It’s Gonna Last? er spelt inn på ulike stader, i tråd med pandemiens restriksjonar, men slik var også den musikalske utvekslinga alt då Dark Was the Night i si tid vart laga.
At det er mogleg for Dessner å vere eit kreativt nav som orkestrerer alle røystene og held det heile saman, er eit uttrykk for kor sterke kunstnarlege, samarbeidsorienterte nettverk som kan verte mobiliserte trass geografiske avstandar. Det er mange som ventar på ny musikk frå banda deira, men kven veit kvar hovudfokuset til Vernon og Dessner vil liggje på sikt?
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.