Veideklangar
Valthornet var barokkens jaktradio.
Aristokratisk hetsjakt med hundar, horn og sabel, måla av danske Johan Jacob Bruun (1715–1789).
CD
Fasch, Heinichen, Stölzel, Hoffmann, Bach, Graupner:
Horn Concertos
L’arpa festante. CPO 2024
Namnet avslører det opphavlege bruksområdet: Corno da caccia og cor de chasse er den høvesvis italienske og franske nemninga på instrumentet me kallar valthorn, som på desse språka tyder «jakthorn». «Valt» i det norske ordet kjem elles av tysk Wald, som tyder skog.
Opphavleg var dette eit signalinstrument som franskmennene på 1600-talet nytta til kommunikasjon under aristokratisk jakt. Som jeger kan eg ikkje la vera å tenkja på jaktradioen som blir nytta under fellesjakter i dag: Det fanst faste hornfanfarar som fortalde jegerane at jakta starta eller slutta, at hundane var sleppte og drevet i gang, at ein hjort, eit villsvin eller anna vilt var felt. Kvart dyr hadde sin eigen stutte melodi.
Det enkelt konstruerte jakthornet blei vidareutvikla utover på 1600-talet og fann snart vegen inn i orkesteret – og ut i verda. I tiåra kring 1700 var fransk hoffstell idealet ved tyske hoff, og det var i denne tida dette som engelskmennene kallar french horn blei introdusert i Tysklands musikkliv.
Hamring
Det er tidlege tyske hornkonsertar orkesteret L’arpa festante og hornistane Stephan Katte og Sebastian Fischer spelar på si nye plate. Strevet etter ein mest mogleg historisk korrekt klang har fått dei to til å byggja eigne instrument. Men å tilverka barokkhorn utan moderne hjelpemiddel er tidkrevjande, les me i omslagsheftet. Berre for å utforma det kantarellforma sjallstykket må det over 40.000 hammarslag til.
Tidlege 1700-talshorn er vanskelege å spela på, for ulikt moderne horn har dei ikkje ventilar. Me talar i grunnen berre om eit samankveila messingrøyr der skiftande blåsestyrke og leppespenning får fram dei ulike tonane. Utover i hundreåret blei i tillegg såkalla stoppeteknikk introdusert, der ein fører høgrehanda inn i sjallstykket for å utvida toneomfanget.
Acquired taste
Korleis skal me så skildra det klingande resultatet? For somme er det truleg ein acquired taste. Klangen og intonasjonen til dei ulike skalatonane er nemleg temmeleg ueinsarta. På den tekniske virtuositeten til Katte og Fischer er det derimot ingen ting å utsetja, særleg i den siste D-durkonserten av Johann Friedrich Fasch (1688–1758).
Melodikken i dei snøgge satsane avslører elles også hornets opphavlege bruksområde. Lytt berre til femtesatsen «La Chasse» (spor 8) i den rikt instrumenterte «Sinfonia i F-dur» av Johann David Heinichen (1683–1729). Kraftfullt rytmiske hornstøytar teiknar her tonebilete av hektisk hetsjakt i absolutismens tidsalder.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.