Vekselverknad
Nidaros Domkor skaper einskap mellom fortid og notid.
Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.
Foto: Morten Lindberg
CD
Petra Bjørkhaug, Domenico Scarlatti:
Mor
Nidaros Domkor; dir.: Karen Haugen Olsen. 2L 2024
Stabat Mater, den latinske kyrkjehymnen frå 1200-talet som handlar om Marias klage over sonetapet, blir i katolsk liturgi framført 15. september. Han finst også i fleire norske omsetjingar; i Norsk salmebok 2013 finn me Bernt Støylens fine «Under krossen stod med tåra». For mange er Stabat Mater einstydande med Pergolesis mest kjende tonesetjing frå 1736. Men lista over andre komponistar som har teke teksten føre seg, er lang – frå Palestrina i renessansen til Arvo Pärt i vår tid.
Ein av dei mindre kjende tonesetjingane er av Domenico Scarlatti (1685–1757), som denne våren kjem i to nye innspelingar. Det spesielle med desse er at begge blandar den gamle komposisjonen med ein nyare. Eller meir eksakt: Det er tale om ein interpolasjon, der det nye er innskote i det gamle (annankvar sats).
Sårmerkt
Meldinga av den fyrste innspelinga stod på prent i Dag og Tid 3. mai. Dette prosjektet, der Scarlattis versjon blei interpolert med Dvořáks tonesetjing av same hymnen, var ein kunstnarleg fiasko. Komposisjonane er for ulike, og for å bøta på ulikskapen var det gjort vesentlege endringar i instrumenteringa, noko som svekte begge verka.
Mor er tittelen på den andre innspelinga, som er med Nidaros Domkor. Prosjektet deira fungerer betre. Scarlattis Stabat Mater står her fram i kraft av seg sjølv, altså i besetninga han komponerte for i 1715, som er tistemmig kor og såkalla basso continuo, ei besifra bassline som på plata blir utført av cello og orgel.
Det nye verket som er interpolert, heiter Sårmerkt og er komponert av Nidarosdomens domkantor Petra Bjørkhaug. Ho spelar òg orgel på plata. Det nye vender seg musikalsk og poetisk på subtilt vis til Scarlattis 300 år eldre musikk. Eit kommentarverk, kan det kallast, der den klåre a cappella-klangen i Sårmerkt fungerer som lydleg sorbé mellom Scarlattis klangfulle satsar.
Den sørgjande Maria, måla av Tizian (ca. 1488–1490).
Vekselverknad
Poesien i Sårmerkt er skriven på god nynorsk av Ragnhild Jepsen, biskopen i Bjørgvin, som tidlegare var domprost i Nidarosdomen. Også teksten fungerer som kommentar til den latinske hymnen. Sårmerkt lèt seg sikkert også presentera som sjølvstendig verk, men i vekselverknad med Scarlatti står det nok sterkast.
Framføringa er fin, med ypparleg lydkvalitet på opptaket. Koret fraserer med jamn og fin flyt og tydeleg diksjon. Sjølv om sopranane enkelte stader slit litt med topptonane – i det snøgge, eksalterte partiet mot slutten av Scarlattis andresats «Cujus animam gementem» (spor 4), til dømes, intonerer dei for lågt – så svekkjer ikkje dette heilskapsinntrykket av eit originalt tenkt og overtydande gjennomført album.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Vladimir Putin har grunn til å vera nøgd med stoda i krigen i Ukraina.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
FN-soldatane er det internasjonale samfunnets gissel mellom Israel og Hizbollah, seier Robert Mood.
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Han Kang er den fyrste sørkorearen som vinn Nobelprisen i litteratur.
Foto: Yonhap News Agency / NTB
«Det er språkarbeidet og dei poetiske scenene, som råkar lesaren.»
Sørkoreanaren Han Kang får Nobels litteraturpris for 2024
Nihon Hidankyo fekk Nobels fredspris i år. Japanaren overlevde atombomba i Hiroshima i 1945.
Foto: Kim Kyung-Hoon / Reuters / NTB