JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Verdspremiere

Det er noko lint og lett ved ved Francesco Cavallis kyrkjemusikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bronsehestane framføre Markuskyrkja i Venezia, der Cavalli var organist.

Foto: Sjur Haga Bringeland

3004
20240209
3004
20240209

CD

Fran­cesco Cavalli:

Hymns, Psalms,
and Song

Coro & Ensemble C. Monteverdi di Crema; dir.: Bruno Gini. Dynamic 2024

Francesco Cavalli (1602–1676) var på 1600-talet ein like namngjeten operakomponist som Rossini og Verdi var på 1800-talet – ikkje berre i Italia, men i store delar av Europa. Han komponerte 41 operaer, dei fyrste for Teatro San Cassiano i Venezia, som var verdas fyrste offentlege operahus.

Men Cavalli var også kyrkjemusikar. Han kom til verda i Crema, ein norditaliensk by som høyrde til republikken Venezia, der far hans var domkapellmeister. Ein venetiansk aristokrat tok vesle Francesco med til Venezia, der han blei gutesopran og seinare tenor i domkyrkja San Marco. Her var Italias mest kjende komponist domkapellmeister: Claudio Monteverdi, som truleg underviste Cavalli. I San Marco skulle også Cavalli nå toppen på kyrkjemusikarkarrieren sin, som hovudorganist i 1665.

Ikkje lytefritt

Cavallis religiøse musikk er lite kjend. Store norske leksikon, til dømes, skriv berre om operaene hans. Det høver difor godt at Coro & Ensemble Claudio Monteverdi i heimbyen hans Crema no gjev ut det som ser ut til å bli ein serie med kyrkjelege Cavalli-album (det førre kom i 2021). Fleire av stykka har aldri vore innspelte før.

Plata er ikkje lytefri, for den tekniske presisjonen er meir på nivå med slikt ein kan venta seg under ein god konsert. Innsatsane til dei fire songsolistane er stundom unøyaktige, og også i koret og orkesteret slarkar det litt. Men dette klarer eg å sjå bort frå når spelegleda og evna til klangblanding er så overtydande.

Solistane har alle vakker klang og stilrett songteknikk. På det fyrste sporet, som er ei tonesetjing av den 110. bibelske salmen, presenterer dei seg i tur og orden. Fyrst sopranen Francesca Santi, som syng ornamenta med slank og presis røyst. Deretter alten Marta Fumagalli, som har så vibratolaus røyst at det høyrest ut som eit strykeinstrument. Så bassen Alessandro Ravasio, som fylgjer gamben (eit djupt strykeinstrument) perfekt. Og til slutt tenoren Matteo Magistrali, som har vedunderleg klår klang og tydeleg diksjon. Mellom solistane er nok han min favoritt.

Jazzete

Stilistisk står Cavalli i gjeld til læremeisteren sin Monteverdi. Noko anna ville då òg vore merkeleg, all den tid det var Monteverdi som innførte den nye kyrkjemusikkstilen i italiensk 1600-talsmusikk, som var kompositorisk enklare og meir songleg enn renessansemusikken.

Cavallis stykke har likevel noko lint ved seg, med meir «luft» mellom frasane. Spor 4, som er ein hymne, har same type «jazzete» driv me kjenner frå Monteverdi, der basslina går i jamne noteverdiar gjennom heile stykket. Når det gjeld ensemblets evne til klangblanding, tener avslutninga på spor 5 som døme (også dette ein hymne). Heile ensemblet kling her klårt og vibratofritt som ein orgelakkord.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis