Vill parade
Sopranen Mari Eriksmoen syng franske og engelske songsyklusar.
Sopranen Mari Eriksmoen er solist med Bergen Filharmoniske Orkester.
Foto: Marieriksmoen.no
CD
Benjamin Britten; Joseph Canteloube:
Musikk for sopran og orkester
Mari Eriksmoen, sopran; Bergen Filharmoniske
Orkester; dir.: Edward
Gardner. Chandos 2021
Ein fanfare opnar den yngste av Benjamin Brittens to songsyklusar på Bergen Filharmoniske Orkesters nye album: Les Illuminations for sopran eller tenor og strykeorkester, op. 18 (1939). Denne fanfaren er ikkje av det staselege slaget for paukar og trompetar. Over ei bivrande strykarline i pianissimo spelar fiolinane den trompetaktige melodien i ein ubestemmeleg toneart. Som så ofte hjå Britten har sjølve melodien eigentleg ei tradisjonell form, men han løyser seg snart opp gjennom framandvorne, dissonante vendingar.
Blandinga av hevdvunne melodiske figurar og moderne harmonikk høver godt til tematikken i dikta av Arthur Rimbaud (1854–1891). Epigrafen til verket, «J’ai seul la clef de cette parade sauvage» («eg åleine har nøkkelen til denne ville paraden») blir introdusert av songaren mot slutten av fanfaren. Og om den påfølgjande satsen «Villes» skreiv Britten at han gav «eit svært godt inntrykk av det kaotiske moderne bylivet». Det hektiske blir uttrykt gjennom snøgt bankande, perpetuum mobile-aktige motiv i strykarane, energiske som dampmaskinar, som, ifylgje komponisten, skal framførast «på ein metallisk, nådelaus måte».
Ikkje klissete
Bergen Filharmoniske Orkester og sopranen Mari Eriksmoen får tydeleg fram dei ulike stemningane i satsane, som er svært skifterike. Tredjesatsen «Phrases», til dømes, opnar med skimrande, dissonerande tonar i toppregisteret til strykarane. (Partiet minner om atmosfæren i eit av dei mest kjende mellomspela frå Britten-operaen Peter Grimes.)
Andre del av denne satsen, «Antique», er derimot ein elegant arie der Eriksmoen får utfalda sine lyriske kvalitetar til fulle. Det lèt vakkert. Svært vakkert. Men likevel er det noko med spelemåten til bergensarane og attityden til Eriksmoen som gjer at det ikkje kling klissete.
Oksitansk
Alle tekstane på plata er franske. Britten var ein franskelskande engelskmann, medan Joseph Canteloube (1879–1957) var ekte franskmann. Canteloubes Chants d’Auvergne (som kjem etter Brittens syklus Quatre chansons françaises frå 1939) er ei samling for sopran og symfoniorkester med arrangement av folkesongar frå Auvergne-området midt i Frankrike, med tekstar på det sørfranske språket oksitansk.
Tonesetjinga er mildare enn hjå Britten, meir romantisk-impresjonistisk og utan den bitre harmonikken som gjer musikken hans så spesiell. Men sjølv om Canteloubes musikk er mindre interessant stilistisk, gjev Eriksmoen verket sprudlande liv – ikkje minst på grunn av den vakre tekstuttalen, som er musikk i seg sjølv.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.