Vital Nilsen-hyllest
Thea & The Wild finn balansen når dei tolkar Lillebjørn Nilsen.
Thea Glenton Raknes syng no på norsk.
Foto: Gitte Johannessen / NTB
Vise
Thea & The Wild:
Thea & The Wild spiller Lillebjørn Nilsen
Fysisk Format
Tilfellet ville ha det til at den formidable talen Kamala Harris heldt etter valnederlaget, summa i hovudet mitt då eg for eit par veker sidan sat og lytta til «Barn av regnbuen», eit av spora på Thea & The Wild spiller Lillebjørn Nilsen, som er ute i dag. Det er ikkje rart at både poetar og retorikarar grip til den tindrande himmelkvelven når dei skal mobilisere håp. Nick Cave rettar blikket mot stjernene høgt over oss i «Joy», eit av spora på Wild God, som kom i haust, og ser «bright, brilliant metaphors of love». Finst det eit meir universelt eller tidlaust bilete?
«Barn av regnbuen» fekk fornya symbolsk kraft i 2012 i kjølvatnet av rettssaka mot Anders Behring Breivik, som då omtala songen som ei form for «kulturmarxistisk indoktrinering» typisk for norsk skule. Kort tid etter song 40.000 menneske med då Lillebjørn Nilsen (1950–2024) framførte songen på Youngstorget i Oslo. Med det bar han vidare ein visjon først artikulert av Pete Seeger, for «Barn av regnbuen» (1973) er ei tolking av Seegers «My Rainbow Race» (1967), som skildra «one blue sky above us».
Brubyggarprosjekt
Eg er glad for at songen er mellom dei ti Thea Glenton Raknes har valt ut når Thea & The Wild legg engelsken på hylla og gjer sin eigen vri på Nilsen i 2024. «Barn av regnbuen» har vorte spelt mykje, det er klart, men verdiane orda prøver å verne om, har kanskje aldri vore meir utsette enn dei er no. Med Thea & The Wild når dei eit nytt publikum, og nye generasjonar.
Thea & The Wild spiller Lillebjørn Nilsen kjennest som eit brubyggarprosjekt der både kontinuitet og fornying står i sentrum. Det finst fleire Lillebjørn Nilsen-versjonar, og dette mangfaldet får spelerom på utgivinga. Oslo-poeten Nilsen er representert med «Bysommer», opphavleg på Oslo 3 (1979), og «Alexander Kiellands Plass» frå Hilsen Nilsen (1985). Det kjennest verkeleg rett når Steinar Ofsdal dukkar opp på seljefløyte og blekkfløyte på «Kirsebæret» og «Danse ikke gråte nå», som er den første songen Nilsen skreiv. Her får Nilsens forankring i folkemusikken sin plass.
Den klassiske, folkekjære Nilsen-kanonen støypt i åra med Gitarkameratene, som jazzvirtuose «Tanta til Beate» og «Se alltid lyst på livet», begge frå Original Nilsen (1982), finst òg på plata.
Eit strategisk val
Ein briljant gjeng musikarar er med på dette albumet, som har utspring i eit bestillingsverk for MiniØya i fjor sommar, og alt ligg til rette for alskens krumspring. Versjonane på Thea & The Wild spiller Lillebjørn Nilsen ligg likevel jamt over tett på Nilsens originalar. Dette botnar sjølvsagt ikkje i fantasiløyse, men eit strategisk val frå Raknes, som ikkje ønskte at umotivert fiksfakseri skulle kaste skugge over dei openberre kvalitetane i det folkekjære originalmaterialet.
Samstundes er det mangt å glede seg over av detaljar og påfunn, som dei tøffe blåsarane på «Bysommer», eller rytmesporet på «Danse ikke gråte nå», som er perfekt utstyrt med ein saksofonsolo.
Eg meiner artisten og bandet har funne ein fin balanse. Plankekøyring kjem vi aldri nær – dette har vorte ein vital Nilsen-hyllest, til akkurat rett tid.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.