Nordisk tone
Carl Reineckes symfoni Håkon Jarl har kraftfull patos.
Carl Reinecke (1824–1910) var Edvard Griegs lærar i Leipzig.
CD
Carl Reinecke:
Symphonies 1 & 3
Münchner Rundfunkorchester; dir.: Henry Raudales. CPO 2020
CD
Carl Reinecke:
Symphony No 2
Münchner Rundfunkorchester; dir.: Henry Raudales. CPO 2024
Han var ein institusjon i musikkmetropolen Leipzig i eit halvt hundreår: Carl Reinecke leia Gewandhausorkesteret i 35 år og var i 42 år professor ved Leipzig-konservatoriet, der han underviste ei rekkje norske musikarspirer. Edvard Grieg, Johannes Haarklou, Johan Svendsen, Christian Sinding og Eyvind Alnæs hugsa han som ein strengt konservativ, men dyktig lærar.
Reinecke blei fødd i Altona, som i dag er del av Hamburg, men fram til 1864 var ein dansk by. Med stipend frå danskekongen studerte han i Leipzig under konservatoriets grunnleggjar Felix Mendelssohn, og i 1840-åra verka han som hoffpianist i København, før han blei kalla til Leipzig i 1860, der han levde til sin død i 1910.
Meir tyngd
Münchner Rundfunkorchester under den belgiske fiolinisten og dirigenten Henry Raudales har dei siste åra gjort ein solid innsats med å gjera Reineckes orkesterverk tilgjengeleg på CD. Av dei tre symfoniane hans kom nummer nr. 1 og 3 ut i 2020. Nr. 2 kom i sommar. Begge albuma byr i tillegg på orkesterouverturar og andre einskildståande, kortare symfoniske verk.
Reudales er god til å framheva dei ulike instrumentgruppene, og i dei raske satsane – som ofte går veldig snøgt – briljerer orkesteret hans teknisk. Mindre omsut syner han for einskildfrasane. Dei svulmande romantiske melodiane, som det er ganske mange av, ville stundom tent på meir tyngd og naturleg patos.
Nebbete
Symfoni nr. 1 i A dur, op. 79, som blei til medan Reinecke var i 30-åra, har lys og luftig orkestertekstur, med tydeleg påverknad frå læraren Mendelssohn. Me høyrer det særleg i finalesatsen, der den nebbete melodikken minner om ouverturen til «Ein midtsommarnattsdraum». Av ouverturane på platene lyt den fine til operaen König Manfred, op. 93, nemnast. Stemninga er påfallande lik den drøymande midtsatsen i Griegs «a-mollkonsert» – noko Reinecke ikkje kan kritiserast for, all den tid stykket hadde premiere i 1867, året før Grieg komponerte sin klaverkonsert.
Det vakraste verket på albuma er likevel Symfoni nr. 2 i c-moll, op. 134 (1875), som ber tittelen Håkon Jarl. Reinecke nytta her danske Adam Oehlenschlägers (1779–1850) sørgjespel Hakon Jarl hiin Rige som assosiasjonsmodell for dei fire satsane. Den trombonetunge fyrstesatsen har uvanleg kraft og er ein slåande kontrast til den linne, fløyteborne andresatsen «Thora». Me merkar her den tyske fascinasjonen for det dei kalla «nordischer Ton», tonen som skulle gjera Grieg så populær.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement
«Øving er ei form for arbeid, og sanneleg heng øva etymologisk saman med latin opus (‘arbeid, verksemd’).»
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Grinda kjem!
I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.
Filmen følgjer Lunies-familien, som har vore splitta i lang tid.
Foto: Selmer Media