Mari Tveita Stagrim.
Fotograf: Ingrid Pop
Nordmenn vel digitalt
Bransjestatistikken til Den norske Forleggerforening for 2017 vart offentleggjord denne veka. Statistikken fortel at nordmenn kjøper stendig fleire digitale bokprodukt. Særleg er det sal av lydbøker som aukar, med ein omsetningsvokster på 57 prosent. Statistikken viser elles at bokmarknaden har vore stabil i mange år, men at det i 2017 var ein liten nedgang på 2 prosent frå 2016. Fordelt på delmarknader ser vi at allmennmarknaden hadde ein nedgang på 3,3 prosent i 2017, etter mange år med stabil omsetning.
Forfattarstipend
Mari Tveita Stagrim er tildelt Bokhandelens forfattarstipend på 60.000 kroner. Bokhandelens forfattarstipend er ein litterær pris som skal gå til forfattarar i etableringsfasen. Prisen vart fyrste gong utdelt i 2007 og er eit samarbeid mellom Den norske Forfatterforening og Bokhandlerforeningen. Det er Forfatterforeningens litterære råd som innstiller forfattarar til stipenda. I grunngjevinga seier rådet at Stagrim er ein «talentfull, direkte og henvendt forfatter», og «har et stort register som forfatter, både tematisk og følelsesmessig».
Nynorskstipend
Ingebjørg Eide, lærar ved Eide ungdomsskole i Eide kommune i Møre og Romsdal, har fått nynorskstipend på 50.000 kroner frå Noregs Mållag. Stipendet skal brukast til eit lærebokprosjekt ved Eide ungdomsskole, fortel Mållaget i ei pressemelding.
Eide skal bruke stipendet til innkjøp av samfunnsfagbøker på nynorsk til klasse 10a ved skulen. Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda vil fylgje prosjektet i det komande året. Erfaringane frå tidlegare prosjekt syner at det har positiv effekt for sidemålsopplæringa om elevane får meir mengdetrening i faget. Ingebjørg Eide er utdanna adjunkt med tilleggsutdanning, og ho har vore lærar ved skulen sidan 1984.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.
Vasskraftverket Nore I.
Foto: Lise Åserud / NTB
Er fjordane mindre verde enn elvar og vatn?
Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2005.
Foto: Lars Bryngelsson
Diverterande
Engegårdkvartetten syner Mozarts kvartettkunst mellom passiar og pasjon.