Nadja Tolokonnikova gjev ut bok.
Foto: Wikimedia Commons
Ny bok frå Pussy Riot-stjerne
Ein av medlemene av Pussy Riot, Nadja Tolokonnikova, gjev ut boka Read & Riot 9. oktober, melder Pitchfork. Slik presenterer forlaget boka: ein «geriljaguide for radikale protestar og lystfull politisk motstand». Den russiske aktivisten har vorte arrestert mange gonger etter ymse demonstrasjonar i Russland.
Storegutprisen
Storegutprisen har namnet sitt etter diktsamlinga Storegut av Aasmund O. Vinje. Prisen blir delt ut på Storegut-arrangementet 25. august, under Litteraturdagane i Vinje. Det er Storegutnemnda, samansett av Stein Versto, Ragnvald Christenson og Guro Ljone, som har plukka ut Storeguten for 2018. Og kven er Storegut i år? Jau, det er visseleg ein stor gut, det er Olav Vesaas. Han får prisen for sin store innsats for norsk språk og litteratur i skrift og tale. Vesaas er frå same stad som Vinjes storegut, den legendariske Olav Olavsson Edland. Denne namnebroren med vinnaren var nemleg frå Edland i Vinje.
Diktarstien i Botnane
Den fyrste diktarstien i Sogn og Fjordane opnar komande laurdag, i Botnane i Bremanger, med dikt av Jan-Magnus Bruheim som budde i bygda frå 1978 til 1985. Stien blir offisielt opna av brordottera til Bruheim, forfattar og journalist Magnhild Bruheim. Det Norske Samlaget og venelaget lanserer ny bok med eit utval av barnedikta til Jan-Magnus, på opninga laurdag.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Ny bok frå Pussy Riot-stjerne
Ein av medlemene av Pussy Riot, Nadja Tolokonnikova, gjev ut boka Read & Riot 9. oktober, melder Pitchfork. Slik presenterer forlaget boka: ein «geriljaguide for radikale protestar og lystfull politisk motstand». Den russiske aktivisten har vorte arrestert mange gonger etter ymse demonstrasjonar i Russland.
Storegutprisen
Storegutprisen har namnet sitt etter diktsamlinga Storegut av Aasmund O. Vinje. Prisen blir delt ut på Storegut-arrangementet 25. august, under Litteraturdagane i Vinje. Det er Storegutnemnda, samansett av Stein Versto, Ragnvald Christenson og Guro Ljone, som har plukka ut Storeguten for 2018. Og kven er Storegut i år? Jau, det er visseleg ein stor gut, det er Olav Vesaas. Han får prisen for sin store innsats for norsk språk og litteratur i skrift og tale. Vesaas er frå same stad som Vinjes storegut, den legendariske Olav Olavsson Edland. Denne namnebroren med vinnaren var nemleg frå Edland i Vinje.
Diktarstien i Botnane
Den fyrste diktarstien i Sogn og Fjordane opnar komande laurdag, i Botnane i Bremanger, med dikt av Jan-Magnus Bruheim som budde i bygda frå 1978 til 1985. Stien blir offisielt opna av brordottera til Bruheim, forfattar og journalist Magnhild Bruheim. Det Norske Samlaget og venelaget lanserer ny bok med eit utval av barnedikta til Jan-Magnus, på opninga laurdag.
ronny@dagogtid.no
Fleire artiklar
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.
Vasskraftverket Nore I.
Foto: Lise Åserud / NTB
Er fjordane mindre verde enn elvar og vatn?
Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2005.
Foto: Lars Bryngelsson
Diverterande
Engegårdkvartetten syner Mozarts kvartettkunst mellom passiar og pasjon.
Flesteparten av dei danske jødane klarte å flykte til Sverige.
Foto: Ukjend / Nationalmuseet i Danmark
Flesk og smør i byte for danske jødar
Tyskarane trong kjøtleveransar. Var det det som redda dei danske jødane frå konsentrasjonsleirane?
Signe Førres første plate er balkaninspirert.
Foto: Terje Nesthus
Bass i norsk og balkansk landskap
Signe Førre med vener overraskar.