Hans A. Vigen er ny direktør for Biblioteksentralen.
Foto: Jens Christian Strandos
Ny sjef for Biblioteksentralen
Hans A. Vigen er tilsett som ny administrerande direktør i Biblioteksentralen. Biblioteksentralen har rekruttert internt. Hans Vigen er 52 år, busett i Lier og kjem frå stillinga som økonomi- og driftsdirektør i Biblioteksentralen. Elles har han bakgrunn frå ulike leiarstillingar i bilbransjen, IT-bransjen, musikkbransjen og NRK.
Dyrt domene
Bedrifter som driv med netthandel, gjer det som kjent stort for tida, og innan bokhandel er det amerikanske Amazon som er den store aktøren. Ja, dei driv så stort at dei er viljuge til å betale i dyre dommar for eit internettdomene. Amazon vil utvide i Sverige og etablere «amazon.se» på nettet, men ei stockholmskvinne hadde alt oppretta eit domene med den tittelen. Amazon bladde opp pengar for å skaffe seg nettsida. Svenske medium har lenge spekulert på kor mykje det er tale om. No meiner den svenske nettstaden Ehandel.se å ha svaret: Kvinna skal ha fått over seks millionar for domenet.
etterlyser kvinner i gatenamn i Bergen
«Me bør slutta å kalla opp gater etter menn.» Det seier Oddny Miljeteig til NRK Hordaland. SV-politikaren er lei av alle gatenamn i Bergen med mannsnamn. No vil ho ha fleire gatenamn kalla opp etter kjende kvinner. Ho har fått bystyret i Bergen med på det. Men det finst alt ei rekkje gater og vegar med kvinnenamn, ei av dei er Camilla Colletts gate. Dei er likevel i fåtal jamført med gatene kalla opp etter karar.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Ny sjef for Biblioteksentralen
Hans A. Vigen er tilsett som ny administrerande direktør i Biblioteksentralen. Biblioteksentralen har rekruttert internt. Hans Vigen er 52 år, busett i Lier og kjem frå stillinga som økonomi- og driftsdirektør i Biblioteksentralen. Elles har han bakgrunn frå ulike leiarstillingar i bilbransjen, IT-bransjen, musikkbransjen og NRK.
Dyrt domene
Bedrifter som driv med netthandel, gjer det som kjent stort for tida, og innan bokhandel er det amerikanske Amazon som er den store aktøren. Ja, dei driv så stort at dei er viljuge til å betale i dyre dommar for eit internettdomene. Amazon vil utvide i Sverige og etablere «amazon.se» på nettet, men ei stockholmskvinne hadde alt oppretta eit domene med den tittelen. Amazon bladde opp pengar for å skaffe seg nettsida. Svenske medium har lenge spekulert på kor mykje det er tale om. No meiner den svenske nettstaden Ehandel.se å ha svaret: Kvinna skal ha fått over seks millionar for domenet.
etterlyser kvinner i gatenamn i Bergen
«Me bør slutta å kalla opp gater etter menn.» Det seier Oddny Miljeteig til NRK Hordaland. SV-politikaren er lei av alle gatenamn i Bergen med mannsnamn. No vil ho ha fleire gatenamn kalla opp etter kjende kvinner. Ho har fått bystyret i Bergen med på det. Men det finst alt ei rekkje gater og vegar med kvinnenamn, ei av dei er Camilla Colletts gate. Dei er likevel i fåtal jamført med gatene kalla opp etter karar.
ronny@dagogtid.no
Fleire artiklar
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.
Vasskraftverket Nore I.
Foto: Lise Åserud / NTB
Er fjordane mindre verde enn elvar og vatn?
Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2005.
Foto: Lars Bryngelsson
Diverterande
Engegårdkvartetten syner Mozarts kvartettkunst mellom passiar og pasjon.