JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Olav H. Hauge-dagbøkene: 19. januar 1974

«Ekelöf, med sine kvinnor, vener, skular – han visste ikkje kva einsemd var, det er det som er saki.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

2394
20240621
2394
20240621

Den antologien Bjurström har arbeidt med, er komen. Danmark, Færøyane, Island, Noreg. Prosa og lyrikk. Serien heiter Lettres Nouvelles. Sverige og Finland har kome i eit band fyrr.

Der er med 8 dikt av meg, godt umsette. Eg synest ikkje utvalet av norsk dikting er heilt godt. Me har so mange andre enn dei som er med, som burde vore med. Elles vanskeleg å døma med visse um slike ting.

Lese igjenom Trolldom i lufta av Uppdal. Kjem til å tenkja på Sult av Hamsun, sidan dette òg er ei bok um svolt. Men i Sult er det esteten som svelt, kunstnaren; i Trolldom i lufta er det ein arbeidsmann, der har me skilnaden.

Siste dagane: sett um 10-12 dikt av Celan, tri av Bobrowski. Kanskje eg tek fleire av desse med same. Der er mykje smiren rytme i Celans fyrste dikt. Eg trur ikkje han lika det retteleg då han vart eldre, det er i alle fall mykje minder av slik voggande smiren rytme i siste samligane hans. Bobrowski er på den måten betre.

Ekelöf skriv mykje um einsemd i sin Själfbiografi (forresten samansett av kona hans, av notat og brev). Han, med sine kvinnor, vener, skular – han visste ikkje kva einsemd var, det er det som er saki.

Ekelöfs siste år. Rike. På dikting. Vesaas sine siste år er rikare – utan innslag frå austerlandi. Vesaas – ein stor og merkeleg diktar. So rik, so menneskeleg!

Sett um nokre dikt av Sylvia Plath. Ho er vanskeleg, men ikkje umogeleg. Celan og Bobrowski er òg vanskelege, men ikkje umogelege, dei heller. Har no eit lite utval av båe desse.

Amalie Skram: Constance Ring. Sterk bok! Eg synest det er merkeleg at det norske folk er so trongsynt som det er, dei har i alle fall hatt uppsedarar. Tenk på Ibsen, Bjørnson, Garborg, Skram, Lie, Kielland! Men enno har me ikkje kome på høgd med dei.

Møtte Sylfest Bergo i går kveld på Brakanes. Han togg so skrauven stod um kjeften. «Du tygge tobak endao,» sa eg. «Ein mao da naor ein skal vera pao skogjen,» sa han. «Kur gamadle e du no?» «80 aor,» sa han.

Han laut skunda seg, skulde nå bussen, sprang yver vegen, der var litt hålt, men det var som ei fjør. Ja, han gjorde mest eit lite rundkast då han kom ut på asfalten og kjende det var turt og stødt under føtene der.

Sett um «Kindness» av Sylvia Plath. Merkeleg, eg kjem i hug Amalie Skram når eg les Plath! Kvinnor!

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis