Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Olav H. Hauges eigenlege debutbok

Seljefløyta er eit storhende i norsk lyrikk, ho har ein sjølvskriven plass i bokhylla til Hauge-lesarar og andre diktinteresserte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den første diktsamlinga som Olav H. Hauge prøvde å få gjeven ut, vart refusert.

Foto: Wikipedia

5765
20180323
5765
20180323

Dikt

Olav H. Hauge:

Seljefløyta

Det Norske Samlaget 2018

Olav H. Hauge er ein av dei kjæraste diktarane våre i moderne tid, men han gav berre ut seks diktsamlingar i levetida si. Dei som beundrar dikta hans, kan tittel og utgjevingsår på samlingane på rams, frå Glør i oska frå 1946, til Spør vinden i 1971. Ei siste, sjuande bok, Janglestrå, kom i 1980, men ho kom som ein del av Dikt i samling.

Men no, 24 år etter at diktaren gjekk bort, kjem det ei ny Hauge-samling ut. Boka kan nettopp kallast eit sjølvstendig verk, for det handlar ikkje om ei oppsamling av etterlatne dikt, men eit manus Hauge sjølv sende inn til Olaf Norlis Forlag i 1938. Ho hadde tittelen Seljefløyta og kunne ha vorte debuten hans – hadde ikkje forlagsredaktøren vendt tommelen ned med domen: «Dikta var gode, men knapt uvanlege.»

Den litterære debuten kom fyrst åtte år seinare. Dette står å lesa i innleiinga til boka, skriven av redaktør for samlinga, Bodil Cappelen, enkja etter Olav H. Hauge. Cappelen informerer òg om at dei 17 siste av dei 42 dikta som er tekne med i boka, «er frå skilde tider, frå 1940 til det siste diktet med årstal, 1979. Det aller siste diktet er utan årstal, og funne etter Hauges død». Trass i dette tillegget av nyare dikt får lesaren kjensla av å lesa ei ny diktsamling av meisteren frå Ulvik.

Overraskande innhald

Vi kjenner til utviklinga av Hauges poesi: frå ein melankolsk tone, ofte med metafysisk lengsel, i dikt skrivne i tradisjonelle versemål, til ein avklara tone, i stutthogne dikt i frie vers, ofte om kvardagslege ting.

Samtidig har kritikarar peika på ein overgang frå heimleg påverknad til impulsar frå andre land, særleg austleg lyrikk i seinare år. Det er som om titlane sjølve utstrålar denne overgangen, frå det tungt norske i Seint rodnar skog i djuvet (1956) til Dropar i austavind ti år seinare.

Det er i alle fall slik framvoksteren er skildra i norsk litteraturhistorie – om det så har kome nyanseringar i nyare tid. Med dette utgangspunktet er det interessant å sjå korleis Seljefløyta plasserer seg i høve til dei seinare samlingane.

Seljefløyta vart skriven etter ei turbulent tid for Hauge. I 1937 vart han utskriven etter eit treårig opphald på psykiatrisk sjukehus. Tek vi ein titt på dikt i Glør i oska, er det ein mørk tone vi møter: Diktet «Seljefløyta» endar med «Som smågut bles eg fløyte:/ – no hev eg gylne ord, men maktar ikkje tolka / mi sorg og sut på jord».

Men slik er overraskande nok ikkje Seljefløyta: Nei, tonen av ei verkeleg seljefløyte er ljos, og versa i Hauges tiltenkte debutmanus er òg ljose og lette, ja, uventa livsglade. No skal vi hugse på at diktet «Seljefløyta» sannsynlegvis var med i manuset Seljefløyta. Det finst dessverre ikkje ei liste over nøyaktig kva dikt som var med i det fyrste manuset, men jamfører vi manuset frå 1937 med det frå 1946, verkar det som om Hauge la bort mange av dei ljose dikta då han arbeidde med Glør i oska.

Olav Nygard

Seljefløyta tek til med eit par dikt som vitnar om eit talent i utvikling: I «Til mine skaldar» heiter det at desse skaldane hans «hug på leiting etter sanning sende», det er altså tale om dårleg ordstilling av omsyn til rimet. I «Makken» blir det vel sjølvdestruktivt: «Men eg er berre/ makken i mold,/ mismætt av alle,/ fuglar til føde».

Så opnar det seg ein større himmel. Titlar gjev ein peikepinn på innhaldet: «Morgonkvede», «Når enga blømer sumarmål», «Gleda» og det mektige «Sumarmorgon i Ulvik», eit lovkvede til heimstaden til diktaren i åtte strofer, forfatta i den vanskelege italienske strofeforma ottava rima. Dei som er inne i norsk lyrikk, skulle vita kven som er meisteren av dette versmønsteret: Olav Nygard. Og dermed er vi inne på eit namn som truleg har fungert som førebilete for Hauge då han arbeidde med manuset.

Nygard har eit rausare og mildare sinnelag enn andre diktarar Hauge lét seg inspirere av, som Kristofer Uppdal. Det særmerkjer òg Seljefløyta. Når det i «Mot sylvblå ævar» (sic) heiter «Mot sylvblå ævar attum kvardagstrengsla/ trår sjela sorgal yver livsens grav», kan det bli vel nygardsk. Kanskje var det det forleggjaren meinte med «knapt uvanlege»? Men i så fall har han ikkje fanga opp nyansane. Nygard var platonikar, han syng om «æveblånar og fordrøymde månar». Hauge var botanikar, han ser tinga gjennom detaljane. Eg talde over tretti plantenamn då eg las boka, frå alm og furu til krokus og arabis.

Trufast formidlar

Om det ikkje er nyskapande dikt – for å bruke ein klisjé – finst her kvalitetar som gjer versa tiltalande. Her er dikt som absolutt er på høgd med tekstane i Dikt i samling. Det same gjeld dei 17 andre dikta. «Snigelen» frå 1951 minner til dømes om såkalla tingdikt som «Katten». Ein kjennar av Hauges poesi vil elles kjenne att mange strofer og versliner – her er stoff Hauge omarbeidde i seinare bøker.

Kva ville Hauge sjølv sagt om utgjevinga? Han hadde vel sagt det same som han sa etter kvar bokutgjeving: «Denne boka skulle ikkje sett dagsens ljos.» Hauge var for sjølvkritisk, det viser dei tallause endringane han gjorde i kvar ny utgåve av Dikt i samling. Dette veit Bodil Cappelen godt, det er nok òg difor ho våga seg på denne utgjevinga. Det skal ho ha stor takk for. Etter Hauges bortgang har Cappelen med jamne mellomrom sendt ut nye Hauge-bøker. Og betre bokagent kunne han ikkje hatt – Cappelen har aldri skult til litteraturpolitiske retningar når ho har kome over nye, originale Hauge-tekstar.

Ronny Spaans

Ronny Spaans er Dag og Tid-
journalist og litteraturvitar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Tonen av ei verkeleg seljefløyte er ljos, og versa i Hauges tiltenkte debutmanus er òg ljose og lette, ja, uventa livsglade.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.

Foto: Anne Valeur

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Fugl føniks

Hayden Powell har brukt ventetida godt.

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis