JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Omstilling, omstilling, omstilling

Boka til Erna Solberg er ei personleg framstilling av krava kvar og ein møter under den nye staten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Høgreleiar Erna Solberg la ut på sommarturné i ein ny Høgre-buss i fjor. No har ho skrive bok om vegen vidare.

Foto: Ole Berg Rusten / NTB

6740
20230310
6740
20230310

Sakprosa

Erna Solberg saman med Lars Øy:

Veien videre. Politikk for nye utfordringer

Kagge Forlag

Dette er inga ordinær debattbok eller ein politisk pamflett. Vi møter ei hybridform, ei blanding av personlege vurderingar og kva for politiske utfordringar nær framtid vil bringe. Forfattaren opplyser at ho alltid har vore inspirert av Sjur Lindebrækkes bok frå 1973 med same tittel.

Sjølvsagt vil boka verte brukt som rettesnor i kommunevalkampen og heilt fram mot 2025. Eg tilrår alle med politisk interesse å lese boka. Eitt er at ho er velsigna fri for vulgære utfall mot annleis tenkjande. Solberg brukar plassen til å skissere ritt eigne oppfatningar, noko fleire burde leggje seg etter. Ymse er, som vi er vortne vane med, til forveksling likt tankegodset i Ap. Nokre føresetnader og tankestrukturar kan vere noko ulike og bør løftast fram til diskusjon.

Tematikk

Naturlegvis krevst omfattande tenking kring statlege utgifter, så lenge så store delar av utgiftene er knytte til helse, omsorg og utdanning, altså velferdsstaten.

Men høgreleiaren er lite oppteken av næringslivet som inntektskjelde for nasjonen. Tre fjerdedelar av boka tek for seg velferdsstaten: skule og utdanning, helseføretak, rusomsorg, psykisk helse og kommunale oppgåver knytte til ve og vel for oss alle. Berre eit kapittel på elleve sider tek for seg «Omstilling av næringslivet», fylgt av vel fire sider om «Det grønne skiftet». 15 av 207 tekstsider, altså berre 7,25 prosent av heile boka, har beinveges relevans for næringslivet. Industrien er knappast nemnd.

Samarbeid mellom private og offentlege institusjonar er ikkje uventa framstilt som eit stort gode. Private inntekter av slikt arbeid er likevel ikkje drøfta som offentlege utgifter. Men private verksemder er mest omstillingsviljuge, må vite.

Ordet omstilling er brukt kring 60 gonger. Mellom trugande skyer er at vi vil leggje bak oss den superlønsame produksjonen når han tryt, og kome over på låg lønsemd. Alle overalt vil omstille seg, frå skuleeleven til pensjonisten. Alle må rekne effektiv produktivitet som grunnlaget for samfunnslivet. Det må stillast større krav til skuleungdom, og dei må lære meir teknologi og naturfag. Staten må bli heilt annleis, men uvisst korleis.

Retorikk

All omstillinga, får vi vite, krev vilje, tilpassing, ny utdanning, samarbeid og er fyrst og sist smertefull. Vi vil leve for mindre pengar, alle må yte meir.

Politikarar har dei siste 25–30 åra i aukande grad sett for seg at borna tidleg må oppfatte seg som effektive produsentar, grensande til produksjonsutstyr. Så òg Solberg; ho meiner ungdom keiar seg i skulen i dag. Alternativet tykkjest vere å stille høgre krav – norsk ungdom har visst ikkje noko å klage over i høve til vietnamesiske skuleelevar som står tidleg opp og arbeider til seine kvelden for å klare konkurransen. Vi må nok sjå for oss ein ny, sterkt moraliserande debatt om skulen, lærarkompetanse og læreplanar.

Retorikken er sterkt individualiserande. Her førekjem inga drøfting av strukturelle tilhøve. Slikt vert stort sett sett til sides som «ideologi». Vi står overfor ein pietistisk retorikk om at hardt arbeid skal velsignast i lønsemd for den einskilde.

Der Jan P. Syse i si tid skulda Ap for å stele kleda til Høgre når partiet var ute og bada, der tek no Solberg til seg tillitsomgrepet. Det har vore konstant uklårt kva Ap har lagt i «tillitsreforma», især kva veg tilliten skulle gå. Solbergs «tillitssamfunn» er ikkje monaleg klårare. Det er likevel mogleg å lese henne som om ho meiner at tilliten til institusjonane er viktig for fredeleg samarbeid, såleis at folk har tru på institusjonane vi deltek i, og som vi er avhengige av.

Solberg lukkast i å skape ein konversasjonstone: small talk med slåande døme, personlege anekdotar om korleis ho forstod at ho før tok feil, og så bygde politisk forståing. Ho løyner ikkje føresetnadene sine og føreåtforståingar. Men, som alltid, det som ikkje er omtala, fortel òg si soge.

Den omfattande omsorgsretorikken og interessa for den einskilde manglar ei rekkje element: insitament, tilpassing av systema for at den einskilde skal kunne utvikle arbeid og kreativitet, medverknad og påverknadsevne. Samstundes får Stortinget fleire gonger å vite at dei må slutte å styre så mykje, helseføretaka veit til dømes best kva som må skje med fødestovene.

Logikk

Eit paradoks oppstår når to rette premissar gjev ein feilaktig, merkeleg eller uskjønleg konklusjon. Boka har ein god del av det slaget. Såleis når det heiter om landbrukspolitikken i dag at han ikkje er effektiv nok av di ein brukar for mykje arbeidskraft for å produsere den maten som trengst, medan det trengst meir arbeidskraft i distrikta. Kva denne arbeidskrafta trengst til for å produsere kor mykje og kva, er uklårt. Eller om det er i Noreg maten skal lagast.

Det vi er vane med å omtale som tilrettelegging og regulering, spelar mindre rolle her enn at offentleg verksemd gjennomgåande må tilpasse tenesteytarar, tenestemottakarar og klientar gjennom all omstillinga som kjem.

Den urgamle førestellinga er at fattige utgjer ei kaoskraft og kan verte trugsmål mot orden og velferd. Solberg meiner korkje – som dei til høgre for seg – at fattige kan skulde seg sjølve, eller – som ytre venstre – at filleproletariatet kan finne på å gjere opprør.

Derimot er vi alle no strukturelt sett «fattige». Vi manglar noko. Vi må alle omstillast, og vi kan dermed alle bli utgiftspostar for helsestellet og gagnlause for arbeidsgjevarar. Vil vi ikkje endre oss, lyt vi bere konsekvensane.

Politikk og taktikk

Tonen er slett ikkje trugande. Han er venleg rettleiande, ein hyggjeleg slektning du har kjent så stor del av ditt liv, forklårer deg kva du må hugse på for at det skal gå deg greitt, og du ikkje skal liggje nokon til last, men finne velstand, vel, høveleg velstand, då, i ei ny tid, ei ny verd.

Konturane – for det er konturar, ikkje utmeisla program – teiknar seg av kva for talepunkt vi skal møte, korleis vi skal desensitiviserast overfor krava til ny innsats ved at vi vert tilpassa nye måtar å tale om omsorg, effektivitet, produktivitet og tillit på.

Eg er i tvil. Boka er inga systematisk framstilling av ny politikk, men eg ser ingen grunn til å tru anna enn at vi møter Solbergs ærlege syn på framtidige utfordringar. Den venlege, pludrande tonen løyner samstundes eit kraftig varsel om at det vi før har kvilt i og trudd på som statens omtanke for oss, vil endre seg monaleg, kan hende uventa hardhendt, same kven som har og får fleirtal i Stortinget.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis