Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

På jakt etter sanninga

Det er driv over Jacobsens særs lesarvenlege framstilling.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Roy Jacobsen har så langt gjeve ut tre bøker om Barrøy-folket.

Foto: Guri Pfeifer

3041
20180112
3041
20180112

Roman

Roy Jacobsen:

Rigels øyne

Cappelen Damm, 2017

Kva er løgn, og kva er sanning? Kva for rykte skal ein tru på? Kven skal ein stole på når det gjeld forteljingane om det som har gått føre seg under krigen? For i det fyrste etterkrigsåret er det ikkje samhald, oppattbygging og tru på framtida som dominerer i det norske samfunnet. Iallfall er det ikkje slik i Rigels øyne, Roy Jacobsens nye roman, det tredje bandet i serien om folket frå Barrøy, med den unge mora Ingrid Marie Barrøy som hovudperson. Nei, det er mistankar og forteiing som rår. Folk har slett ikkje alle vore heroiske under krigen, dei har tuska til seg det dei kunne, og tilpassa seg okkupantane og okkupasjonsforhold etter beste evne. Mange har løyndommar dei ikkje vil fram med, og vil ikkje at nokon skal gå dei etter i saumane.

Alternativt bilete

Det er såleis eit sårt tiltrengt alternativt bilete av Noreg i det fyrste etterkrigsåret Jacobsen rissar opp. Men sjølvsagt finst det òg truverdige og ærlege menneske, og vi får òg glimt inn i det Noreg som skal reise seg frå ruinane, såleis frå Skorovas gruver i Nord-Trøndelag og den infrastrukturen som austeuropeiske krigsfangar stod bak langs den berykta Blodvegen, det som har vorte Nordlandsbanen langs E6 i dag.

Den som las førre boka i serien, Hvitt hav frå 2015, vil ikkje ha problem med å forstå kvifor Ingrid Marie kastar seg ut i det vågale prosjektet sitt, ei reise som tek henne både til svenskegrensa og sørover i landet, med småungen Kaja bunden fast på magen og med sekk på ryggen. Kjærleiken er drivkrafta, ho leitar etter den russiske krigsfangen Alexander, far til barnet hennar, som reiste frå Barrøy og heimover då krigen var slutt. Den driftige Ingrid Marie forelska seg i russaren som vart skylt i land etter skipskatastrofen utanfor Ros-øya på Helgeland i 1944, då «Rigel», det tyske fangeskipet, vart senka og om lag 2500 mann omkom, dei aller fleste russiske krigsfangar. Ingrid Marie følgjer altså i fotefara til kjærasten, inn til Rørvik, inn mot Skorovas og flyktningrutene til Sverige, så sørover langs grensa før ho hamnar i ein fangeleir på det indre Austlandet, der det skal vere russarar.

Handling med driv

Kva som deretter skjer, skal ikkje røpast, men lat det vere sagt: Det er driv over Jacobsens særs lesarvenlege framstilling. Rett nok kan Jacobsen ty til noko klisjéfylte natur- og landskapsbilete, men innimellom syner han seg som ein framifrå naturskildrar. Det er mykje av eit Olav Duunsk landskap vi rører oss i, og Jacobsen er tydeleg klar over dette. Jamvel nokre hamsunske uttrykksformer er lista diskré inn i skrivemåten. Eit fint krydder for dei som likar slikt. Rigels øyne er den beste boka så langt om Barrøy-folket. Med slik «stigning i programmet» er det god grunn til å vente på neste bok i serien.

Ole Karlsen

Ole Karlsen er professor i nordisk litteraturvitskap ved Høgskolen i Innlandet og fast bokmeldar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Rigels øyne er den beste boka så langt om Barrøy-folket.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis