På veg mot livet
Indiestjerna Greta Gerwig tek godt grep om eigen regi.
Christine (Ronan) som kallar seg Lady Bird, vil ut og oppleve noko.
Foto: United International Pictures
Komedie / Drama
Regi: Greta Gerwig
Lady Bird
Med: Saoirse Ronan, Laurie Metcalf, Tracy Letts
Christine (Ronan) kallar seg Lady Bird og går siste året på vidaregåande skule i Sacramento. Ho kranglar støtt med mor si (Metcalf), medan den konfliktsky faren (Letts) støtt stør dottera. På skulen heng Lady Bird med venninna Julie, forelskar seg, keiar seg og viser null fagleg interesse utover draumen om ei framtid på universitet i den kulturelle hovudstaden New York. Ho vil oppleve noko.
Mødrer og døtrer
Lady Bird er først og fremst ei god gamaldags oppveksthistorie. Som tenåringar flest er Lady Bird skråsikker på så mangt før ho i neste augneblink utbasunerer noko heilt anna. Saoirse Ronan formidlar sjølvsikker skjørskap med sjølvsagt overtyding. Nervar og aggresjon tyt ut. Ho attrår både rikdom og kulturell kapital. Kjærleik og sex er heller ikkje noko å kimse av. Mora har ein typisk kritisk tone mot dottera som nok blir krassare av doble vakter i helsevesenet. Ein merkar at manus har heitt «Mødrer og døtrer».
Greta Gerwig er ein røynd manusskribent og har arbeidd godt med manus på den første filmen ho regisserer aleine. Ho fortel ei historie som har likskapar med eigen oppvekst i Sacramento. Det kjennest som om Lady Bird er Greta før dei mange rollene ho har spelt som intellektuell indiestjerne med Joe Swanberg og Noah Baumbach i New York.
God stemning
Rollelista er rik. Laurie Metcalf som mora er tindrande og trugande. Timothée Chalamet parodierer den pretensiøst intellektuelle rolla frå Call Me by Your Name. Lucas Hedges er ein strigla, skjør og katolsk variant av rolla si i Manchester by the Sea. Stephen Henderson er ein hjarteknusar som Fader Leviatch, medan Beanie Feldstein som venninna og Lois Smith som Søster Sarah Joan begge sjarmerer.
Lady Bird er full av gode observasjonar. Ein trekker stendig på smilebandet over dei mange frekke eller malplasserte replikkane. Så mykje kjem feil ut når æra og framtida står på spel. Filmen hastar rastlaust av garde som ein ungdom på veg mot livet. Skildringa kjennest realistisk og hjarteleg. Debuten til Greta Gerwig er prega av god stemning. Vonleg blir ho frå no av å sjå både framom og bak kamera.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Lady Bird er full av gode observasjonar.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.