Pesten i Bergamo
«Møde i Bogstaveligheden» 1. mars 1882, då J.P. Jacobsen las høgt frå novella «Pesten i Bergamo».
Teikning: Erik Henningsen
I desse tider med koronavirus har det vore ei lang rad med artiklar om kva for bøker og filmar som tidlegare har tatt for seg pest og sjukdom og epidemiar. Kommentatorane og kritikarane har nemnt dei alle – Dekameronen og framfor nokre Pesten av Albert Camus, og mange andre. Men det er eitt verk som ingen har trekt fram, og det er sant å seie litt underleg, for i tittelen på teksten finst namnet på ein italiensk by som har vore mykje i nyhenda som ein stad der viruset verkeleg har råka. Det er Bergamo.
Eg tenkjer på ei novelle av den danske attenhundretalsforfattaren J.P. Jacobsen (1847–1885). Tittelen er «Pesten i Bergamo», og ho vart først publisert i novellesamlinga Mogens og andre Noveller i 1882. Det er eit usedvanleg stykke litteratur.
Moderne gjennombrot
Forfattaren er kjend som ein av dei viktigaste av representantane for det moderne gjennombrotet i nordisk litteratur. Han var utdanna som botanikar, og han var også ein av dei første som introduserte moderne naturvitskapelege teoriar i Norden. Mellom anna omsette han Om artenes opprinnelse av Charles Darwin til dansk i 1872. Han skreiv også fleire artiklar om utviklingslæra i det tidsskriftet Nyt Dansk Maanedsskrift, som var det sentrale talerøyret for fritenkjarane i Danmark, mellom anna knytt til brørne Georg og Edvard Brandes. I desse og andre artiklar stod han fram som kritikar av kristendomen og som eit talerøyr for ein meir open haldning til kva rolle driftene speler i livet.
Dette kjem også fram i dei to romanane Jacobsen rakk å skrive før han døydde. Den første er Fru Marie Grubbe, som kom ut i 1876. Det er ein historisk roman om ei adelsdame frå overgangen mellom 1600- og 1700-talet som var gift tre gongar, og som døydde fattig. I romanen skapar Jacobsen eit psykologisk, men også sosialt portrett av Marie Grubbe. Han skriv om korleis ho følgjer seksualiteten og lystene sine, særleg i tilhøvet til den tredje ektemannen, som er ein mann av folket, og som trekker frua nedover i samfunnet. Då boka kom ut, vart ho ein skandalesuksess, og det første opplaget vart selt ut på få dagar.
Den andre romanen hans heiter det same som hovudpersonen Niels Lyhne og kom ut i 1880. Det er ein roman om korleis ein ung mann frå provinsen modnast og gjennomgår kriser av seksuell, sosial og religiøs karakter. Hovudpersonen blir ateist. Handlinga er lagd til åra mellom 1830 og 1864. Niels endar livet sitt etter slaget mellom Preussen og Danmark ved Dybbøls Skanse i Jylland. Han blir såra og råka av det som seinare blei eit bilde på det danske nederlaget – «Saarfeberen frå Dybbøl». Niels døyr utan å bli forsona med kristendomen, trass i alle former for påverknad. Dei siste orda har vorte vidgjetne. «Og endelig døde han da Døden. Den vanskelige Død.»
Dramatisk konfrontasjon
«Pesten i Bergamo» kan lesast som ei tematisering av viktige element i romanane til Jacobsen – drift og religiøsitet, livslengt og dødsmedvit. Handlinga er lagd til mellomalderen og tar for seg kva som hender når Bergamo blir herja av pesten. Byen har to delar – ein gamal og ein ny. Den gamle byen ligg på toppen av fjellet omgitt av murar. Den nye byen ligg open på sletta nedanfor.
«En dag brød Pesten ud dernede i den nye By.» Han grip om seg, og folket der flyktar, mens borgarane i den gamle by set eld på den nye byen for å reingjere lufta. Det hjelpte ikkje. Pesten kjem også opp på berget til den gamle byen. Fleire og fleire bli sjuke. Mange døyr. I byrjinga sluttar folk seg saman og gjer gode gjerningar mot kvarandre i tråd med kva kristendomen seier. Etter kvart, då det ikkje hjelper, vender det seg til det motsette. Dei kastar seg ut i dei verste eksessar av lyster og lastar og jagar og drep alle sjuke. Gud har gitt dei opp, og folket i Bergamo gir opp Gud. Dei tenkte «hos Helvedes Magter at faa den beskyttelse, Himlen ikke havde villet yde».
Ellevte veka hender det noko. Borgarane i byen på fjellet ser eit tog av gamle og unge, menn og kvinner, komme opp mot dei frå sletta og den utbrende nye byen. Dei ber store svarte krossar. Dei syng klagesongar. Dei er kledde i svart, brunt og grått, og på brystet har dei ein raud kross. Dei ber piskar og sveipar og slår seg til blods. I kyrkja øvst i byen møtest flagellantopptoget med gudsfornektarane og vellystingane.
Der tok ein ung utsvelta munk til å tale. Han snakka om at helvetet var uendeleg som himmelen var uendeleg. Og til slutt sa han «der er ingen Jesus død for os paa Korset». Kristus hadde stige ned frå krossen og kan ikkje formidla mellom Gud og menneske. Tilhøyrarane ropte «korsfæst ham». Men munken leidde opptoget ut av kyrkja og ned fjellet og ut på sletta.
Det er ikkje noka løysing på ein motsetnad der sjukdomen drep lekamen og synda drep sjela. Det som er att, er tvilen.
I novella skildrar Jacobsen kaldt og analytisk ein intenst dramatisk konfrontasjon i ei krisetid mellom egoistar på den eine sida og religiøse fanatikarar på den andre. Novella er ein studie i massesuggesjon og lynsjingsmentalitet. Forteljaren i teksten står midt i hendingane, men samstundes ser han det heile utanfrå. Dette gjer at lesaren kan tyde hendingane og temaa i novella både som deltakar og råka av pesten på den eine sida og som tilskodar og analytikar på den andre sida. Slik vi vel alle opplever samfunnet i koronaens tid.
Helge Rønning
Helge Rønning er professor ved Institutt for medium og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.