Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Poetisk pasifisme

Fantastisk foto og fine figurar skapar ein framifrå krigsfilm om kvinner som dyrkar jorda.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kvinnene må drive garden medan mennene er i krigen.

Foto: AS Fidalgo

3162
20180323
3162
20180323

Drama

Regi: Xavier Beauvois

Vokterskerne (Orig. tittel: Les gardiennes)

Med: Iris Bry, Nathalie Baye, Laura Smet

Hortense (Baye) driv familiegarden med dottera Solange (Smet), mens tre søner er i kamp for Frankrike i den fyrste verdskrigen. I mangel på arbeidskraft hyrar ho Francine (Bry), ei hardtarbeidande og hendig ung dame utan familie. Vokterskene skildrar livet på garden frå første perm for den respekterte lærarsonen i 1915 til freden er tilbake i 1919.

Markas grøde

Her er det mykje hardt arbeid, frå å halse strabasiøst bakom plogen til å føre rekneskap i stearinljos. Om alt går godt, er tida òg inne for mekanisering av jordbruket. Ferda mot det moderne Frankrike blir støtta opp av den fysiske innsatsen til franske kvinner. Opningsscena, der ei kvinne langt over seksti jagar plogen medan halte Henri står og ser på, er ein peikepinn på kven som styrer og strevar. Vegen frå hest og kjerring til traktor er stri.

Krigen skapar rammer, men vi ser han aldri. Historia held seg på heimebane. Matriarken Hortense vekslar mellom ærleg hjartevarme og konservativ kynisme. Med knallgodt skodespel gjer den stilige nestoren Nathalie Baye figuren kompleks og spennande. Iris Bry debuterer i rolla som Francine og gjer ein flott figur. Blant dei solide damene gjer Gilbert Bonneau sitt livs rolle som Henri. Bonden Bonneau debuterer som skodespelar i ein alder av 78. Han bidrar til realismen.

Eit stort sett stille lydspor skapar stoisk ro som lèt ein nyte skildringa av våronn og innhausting. Berre no og då kjem søt musikk, som for å skape kapittel. Ofte samsvarar dette med metaforisk søt musikk når menn vitjar garden. Romantikk er med på å skape konflikt og dynamikk, men eg set størst pris på framstillinga av gardsbruk og historia om arbeid. Sosiale skilnadar er òg smart sette opp utan slagord.

Dei som kjem frå krigen, er djupt prega. Fiendebiletet som styresmaktene spreier, verkar holt for dei som kjenner helvetet i skyttargravene. Med tanke på tradisjonell historieskriving og heltedyrking er kontrasten stor mellom fåfengd fatalisme for frontkjemparane og sunn drift under harde kår for utvikling på garden. Filmen ber bodskap både om pasifisme og feminisme.

Måleri

Vokterne er vilt vakker. Kvart utsnitt er eit måleri som kunne vore ramma inn og hengt på veggen. Kornåkrar har ikkje sett så bra ut på kino sidan Days of Heaven av Terrence Malick i 1978. Regissør Xavier Beauvois viste med glitrande Om guder og mennesker at han har stor sans for detaljar, flott komponerte bilete og tolmodig forteljing. Vokterskene vantar ikkje noko visuelt. Sjølve kvaliteten på biletet er stoffleg og grovkorna på ein klassisk måte som ligg langt frå digital estetikk. Det er ei nyting for augo. Ljos og fargar er ein fryd. Tempoet er sakte, med poetisk rytme. Vil du ha ein heilt annleis krigsfilm, har du han her.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Vokterskerne er vilt vakker. Kvart utsnitt er eit måleri som kunne vore ramma inn og hengt på veggen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis