Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Polert porselen

Britiske hagenissar tek mageplask med anemisk animasjon og platt pop.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sherlock Gnomes og Watson saman med Gnomeo og Julie i den nye britiske hagenisseanimasjonsfilmen.

Foto: SF Studios

1759
20180413
1759
20180413

ANIMASJON/FAMILIEFILM

Regi: John Stevenson

Sherlock Gnomes

Med norske stemmer

Tre gnomar kranglar i opninga av Sherlock Gnomes om kva klassikar som står for tur etter Gnomeo og Julie. Det er vel eit varsel om at samlebandet skal få sitt av historier om hagenissar i England. Gnomeo og Julie er tilbake. Noko ufrivillig har dei Sherlock Gnomes og Watson med på laget mot den vonde pai-maskoten Moriarty, som fanga familiane til dei to heltane.

Slett stil

Hagenissane er dataanimerte utan flid. Dei er simple og energilause. Figurane er flate. Nokre er beint fram pinlege, som den solbadande gnomen i rosa stringtrikot. Heiderleg omtale går til nokre av kattane i den kinesiske leikebutikken og bamsen som vaktar døra på dokkemuseet. Sherlock Gnomes skal irritere. Det greier han, utan at det løftar filmen. Korkje monster eller ikoniske bygningar er særleg stilige. London serverer turistkulissar frå billege brosjyrar. Dei musikalske innslaga som skal skape liv, er stort sett preglaus pop. Rett nok er det litt morosamt at hagenissane blir avspora av disko når undergangen er nær.

Enkel moral

Vinka til vaksne inneheld datadumskap og moderne, urbane fenomen som «liten, trippel soyalatte». Gnomane har flytta til storbyen, med all sin fare for individuell iver. Sherlock Gnomes er eit narsissistisk skremmebilete, men sjølv det skjønne paret i sentrum kan bli truga av hageoppussing. Moralen er at ein skal respektere og prioritere partnarar, anten dei er profesjonelle eller i parforhold. Så då veit du det. No slepp du å sjå Sherlock Gnomes.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis