Maria Parr vinn pris.
Foto: Maria Parr. Foto: Agnete Brun / Samlaget
Pris til Maria Parr
Maria Parr får Nynorsk barnelitteraturpris 2017 frå Noregs Mållag for boka Keeperen og havet, gjeven ut på Samlaget. Prisen på 30.000 kroner er delt ut sidan 1968.
«Med sine truverdige karakterar leverer årets prisvinnar eit solid stykke litteratur som kan stå seg i lang tid framover», skriv juryen i grunngjevinga. Maria Parr får prisen på Barnelitteraturfest på Samlaget i Oslo fredag 13. april, same dag som landsmøtet i Noregs Mållag opnar i Vinje. Dette er tredje gong Maria Parr gjev ut bok, og det er tredje gong ho får Nynorsk barnelitteraturpris. Juryen har vore Marthe Frette, Gudrun Kløve Juuhl og Kristine Thorkildsen.
Macbeth i haust
Det Norske Teatret har mange titlar, overraskande skodespelarnamn og nye regissørar på repertoaret i haust. Eit høgdepunkt er Shakespeares Macbeth, med Preben Hodneland i tittelrolla. Stykket får premiere fyrste september på scene 2. Blod og gørr strøymer gjennom Shakespeares mørke tragedie om maktkamp, svik og ei boblande svart heksegryte. Regien er ved Peer Perez Øian.
Ny Tolkien-bok
J.R.R. Tolkien-fansen hadde snautt venta at det skulle koma noko nytt frå forfattaren, som døydde i 1973, men der tok dei feil. Dei kan gle seg til sumaren, for då kjem ei ny forteljing frå Midgard, eit manus som har lege nedstøva i mange tiår. Tittelen på boka er The Fall of Gondolin, og soga handlar om ein fager, mystisk by som vart tynt av mørke makter i opphavstidene. Ifylgje The Guardian skal Ringdrotten-skalden ha kalla soga «den fyrste historia» om Midgard, og han skal ha skrive forteljinga rett etter deltakinga i slaget ved Somme under den fyrste verdskrigen. Boka kjem ut på engelsk i august. Tolkiens son, Christopher Tolkien, er redaktør av boka, og ho er illustrert av Alan Lee – som òg stod bak illustrasjonane i Hobbiten og Ringdrotten-trilogien.
Best i verda
Library of the Year er kåra. Vinnaren er Latvias nasjonalbibliotek. Prisen vart delt ut på The London Book Fair International Excellence Awards 2018 sist helg. Fire finalistar tevla om utmerkinga. Ein av dei var Noreg med Biblo Tøyen. Dei andre nominerte var Dokk1 (Danmark) og Biblioteca São Paulo (Brasil).
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.
Foto: Anne Valeur
Fugl føniks
Hayden Powell har brukt ventetida godt.
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.