Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Rå Russland

Den største russiske regissøren i vår tid går i krigen igjen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei tidleg scene der guten græt, skjer i hjarta.

Foto: Arthaus

2484
20180126
2484
20180126

DRAMA

Regi: Andrej Zvjagintsev

Savnet (Orig.tittel: Nelyubov)

Med: Marjana Spivak, Aleksej Rozin

Zjenja (Spivak) og Boris (Rozin) skal skilja seg. Dei vekslar replikkar fulle av stikkande hat. Berre praktiske saker må på plass før dei kan konsentrere seg om nye forhold på kvar sin kant. Den tolv år gamle sonen Aljosja er den store hindringa. Han vil ingen ha. Snart smett han vekk.

Styrke

Sidan debuten Tilbake i 2003 har Andrej Zvjagintsev gjeve oss heilstøypte historier med enkeltscener som overraskar og får oss til å halde pusten. Slik er det framleis. Mektig musikk av Galperin-brørne som hamrar på piano, er endelaust effektfullt i samspel med eit stødig innsirklande kamera av Mikhail Krichman. Han leverer slåande tablå som på alle filmane til Zvjagintsev.

Matvej Novikov gjer sterkt inntrykk som Aljosja, men er som den norske tittelen avslører, sakna mykje av tida. Ei tidleg scene der guten græt, skjer i hjarta. Eg får ho ikkje ut av hovudet. Novikov er ein stor liten nykommar. Foreldra er òg strålande spelt og syner ein fragmentert familie. Fleire ser spor av Ingmar Bergman i korleis familien speglar større strukturar.

Samfunnsrefsar

Styresmakter og kyrkje er ikkje tema på same måte her som i Leviatan, men dei får sitt. Den sosiale kontrollen frå konservative arbeidsgjevarar er stygg. Individualistane i middelklassen skal fram same kva. Handlekrafta og velviljen hjå autoritetar skrantar. Eit frivillig leitekorps bryr seg heldigvis, så kynismen har ikkje ete sjela til alle.

Familien symboliserer samfunnet. Ei mengd nyhende på fjernsyn og radio om Russland i dag forsterkar meldinga om at ein skal sjå store liner. Hæren ein ofrar sønene sine til, er rå. Det private er politisk. Når kalkulert dobbeltmoral rår i familien, rår han òg nasjonalt. Zvjagintsev tar temperaturen på Russland. Det er kaldt. Filmen er tidlaus og aktuell, lokalt forankra og ålmenngyldig.

Savnet når ikkje heilt opp til Leviatan, men det seier mest om sistnemnde. Sjølv om ein ikkje sympatiserer med hovudrollene, sit filmen att i sjela og gneg i hjerneborken ei god stund. Andrej Zvjagintsev har som venta levert ein flott film med Savnet. At filmen blei nominert til Oscar, trekkjer vonleg folk til kino.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Savnet når ikkje heilt opp til Leviatan, men det seier mest om sistnemnde.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis