Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Rakkarungane

Sean Baker innfrir med ei var og vakker skildring av ein brokete barndom.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Regissør Sean Baker fann Bria Vinaite til rolla som ung mor på Instagram. Brooklynn Prince er briljant som seksåringen Moonee.

Foto: Marc Schmidt / Norsk Filmdistribusjon

3163
20180209
3163
20180209

DRAMA

Regi: Sean Baker

The Florida Project

Med: Brooklynn Prince, Bria Vinaite, Willem Dafoe

Seksåringen Moonee (Prince) har sommarferie. Ho rek rundt og driv rampestrekar med kameratane kring motellet dei bur på utanfor Disney World i Orlando. Mora Halley (Vinaite) er på ingen måte eit pedagogisk draumedøme. Ho har hovudsakleg lysskye inntektskjelder og akkompagnerer aggresjon med anarki. Dottera lærer respektløyse av mora. Styraren Bobby (Defoe) skal halde ting på stell på motellet. Han vaktar venleg, men strengt over borna og freistar fikse opp i straumbrot, slåstkampar og sal av sex.

Pastellpark

Sean Baker fekk mykje merksemd for Tangerine (2015), som var filma med smarttelefonar og likevel såg flott ut, ikkje berre frisk og skitten. The Florida Project er filma på gamlemåten med 35 mm film. Estetikken er eminent med eit ekte motell i pastellrosa og lilla omgjeve av absurde amerikanske butikkar og sumplandskap med sirissar. Varmt sommarljos og leikande uroleg kamera passar perfekt til å følgje barnestrekane. Lydsporet er prega av hiphop frå smarttelefon og salsa frå naboar. Omgjevnadene overtyder.

Det gjer skodespelarane òg. Frå ringreven Willem Defoe til faktiske forbipasserande turistar er alle truverdige. Barnestjernene er briljante, med magiske Brooklynn Prince i spissen. Baker fann Bria Vinaite til rolla som ung mor på Instagram, ein genistrek som speglar paletten han tar i bruk.

The Florida Project kan i miljø og stil seiast å vere ein slags variant av American Honey med born. Sjølv om verda til seksåringen er avgrensa, finst det store rom for utforsking og spenning. Trass i alt trøbbelet ho skapar, er Moonee full av uskuld og lever i søt uvisse om vanskane verda er full av.

Vi følgjer folk som freistar improvisere den amerikanske draumen utan midlar. Falske førestillingar om framsteg står i neonljos når mellombelse motell heiter Futureland. Halley har få illusjonar. Ho ser ikkje stort lenger enn neste husleige. Moonee ser fram til neste fantestykke, eventuelt neste is.

Sosial vitskap

Jenta renn over av gullkorn frå barnemunn. Ho er ein villstyring, men sosialt smart nok til å sjå kva tid vaksne skal til å grina, som ho seier. Dei små kopierer vaksne anten det er å posere i bikini for selfie, twerke eller å herme hallelujarop.

Barna ber filmen, men figuren Bobby er knakande god. Den hardhuda Halley hindrar oss ikkje i å sjå eit hjarta som har harde kår. Distansen til draumeverda Disney driv, er endelaus. Baker problematiserer balansert kva barnevern er. Han tar smårollingane på djupaste alvor. Det er ofte utruleg morosamt. Varme og lått ligg att i sjela.

Trass i dyster tematikk om sosial og økonomisk utanforskap er The Florida Project som eit tilskot av vitaminar i vintermørket. Det kjennest litt som når Moonee et jordbær og bringebær på ein gong. Sean Baker leverer i tråd med dei mange lovorda han har hausta.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Trass i dyster tematikk er The Florida Project som vitaminar i vintermørket.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis