Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Raud skumring

Red Sparrow er ein spionthriller av grell gamal sort.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dominika (Lawrence) brukar seksuell appell for å finne ein moldvarp.

Foto: Murray Close / Twentieth Century Fox

1910
20180302
1910
20180302

THRILLER

Regi: Francis Lawrence

Red Sparrow

Med: Jennifer Lawrence, Matthias Shoenaerts

Dominika (Lawrence) er ballerina på Bolsjojteateret, men etter ei ulukke manipulerer onkelen (Shoenaerts) frå etterretningstenesta ho inn i eit spionprogram. Snart skal den seksuelle appellen hennar til pers for å finne ein moldvarp. Som distributøren skriv: «Sexy russisk spion forelsker seg i CIA-agent». Hjelpe meg.

Propaganda

Ho får fort blod på brysta. Dei mange sexrelaterte scenene har to funksjonar: vestlege fantasiar om russiske kvinner skal tilfredsstillast medan vi slår fast at russiske menn driv overgrep for staten. Alle fordommar skal med, frå sovjetblokker til paternalistisk perversitet. Poenga blir sagt høgt i hopetal. Eg gapar når Charlotte Rampling står framom raude faner og med teit aksent seier til grå spionstudentar at staten eig dei, at den kalde krigen ikkje er slutt, at Vesten er svak, og at berre Russland tør ta tak. Joseph McCarthy og Ronald Reagan nikkar nøgde i grava.

Pengar pratar

Praten går på leikerussisk der alle snakkar engelsk med aksent. Når ungarske insentivordningar tar historia til Budapest, blir det verre å skilje språka i nyansane av tullete engelsk. Ville vendingar veller fram i keisame to timar og tjue minutt. Eg finn to estetiske kvalitetar: dei får Shoenaerts til å likne på Putin og stel frå Leni Riefenstahl. Filmen er grov misbruk av talenta til europeiske stjerner som Rampling, Shoenaerts og Jeremy Irons. Dei har skamlaust selt seg til høgstbydande i Hollywood. Fienden Russland er populær. Denne filmen skal du få billig av meg. Vil du ha underhaldning om ei polarisert verd, ser du The Shape of Water, vil du ha medrivande analyse av Russland, vel du Savnet.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis