Risikabel kunst
Frå installasjonen «A Show of Hands», (2013–15) av den burmesiske kunstnaren Htein Lin.
I sekstiåra kasta Per Kleiva seg ut i protestar mot krigføringa i Vietnam, han var imot EEC (EF, EU), atomvåpen og miljøøydeleggingar, for å nemne noko. At dette var viktig arbeid, er det liten tvil om. Mange av verka er framleis augeopnarar for nye generasjonar.
Men samstundes opererte Kleiva i eit stort og sterkt fellesskap. Verka han skapte, var del av sterke, solidariske strøymingar. Han risikerte såleis lite. Like lite som gatekunstnaren Banksy då han tidlegare i haust fekk eit verk til å delvis makulere seg sjølv etter at det var selt på auksjon. Ein kunne tru det var ramsalt institusjonskritikk, det var snarare å lefle med systemet. Neste gong går verket for endå meir svimlande summar.
Samstundes er det mange kunstnarar som risikerer mykje for kunsten sin, og som må konfrontere ein harsk realitet. Det vart internasjonalt oppstuss då den samfunnskritiske kinesiske kunstnaren Ai Weiwei vart arrestert i 2011. Han vart sett fri mot kausjon etter 81 dagar. Likevel vart han buande i Beijing, framleis like dristig i kritikken sin.
Dei fleste kunstnarane som vert urettvist behandla, får slett ikkje same merksemda. Det var først då den burmesiske kunstnaren Htein Lin kom til London, at det vart kjent at han sat i fangenskap i åra 1998–2004, skulda for undergravande verksemd. I 2013 flytta han heim att. Her har han dristig nok laga ein installasjon med gipsavstøypingar av hendene til 400 tidlegare politiske fangar og dokumentert korleis dei overlevde det harde fangenskapet til det tidlegare militærregimet.
Protestar krev eit søkelys, og kunsten tilbyr eit naudsynt offentleg rom der folk kan diskutere. Dessverre er det slik at jo meir motstand kunstnaren risikerer, jo viktigare er gjerninga.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.