Rovdyr på Innsida
BILETTEKST, NEGATIV
I samband med at det har vorte så populært å engasjera seg i rovdyrsaka, ynskjer Innsida å lyfta fram eit dyr som ofte kjem i skuggen av rovdyrfrendar som ulv, bjørn og jerv.
Gaupa (Lynx lynx) er trass alt den einaste ville, farlege katten me har i naturen vår. Medan ulven tydelegvis har teke steget opp og fram som ein meir aktiv og synleg samfunnsdebattant, ligg gaupa heilt i ro og ynskjer tydelegvis å gå heilt under radaren (men gjerne over rådyret).
– Ikkje noko styr, fakkeltog eller debattar i media for meg, takk, svarar gaupa.
Nokre meiner at gaupa òg skal skytast, men så vidt Innsida veit, er det ingen som hevdar at ho skit ned gardstunet eller skremmer gamle kjerringar på veg til butikken.
Det var den svenske biologen og botanikaren Carl Von Linné som klassifiserte og registrerte gaupa fyrste gong i 1778.
Nokon fare for at gaupa skal plaga deg, er det ikkje. Få opplever å sjå denne vare og kløktige katten. Når ein i tillegg trur at det finst knapt 300 norske gauper, er det vel ei rad andre problem me skal ta oss av, før me hiv oss over gaupa. Har du eit fint gaupebilete, så send det gjerne til oss. Innsida talar gaupa si sak.
GAUPA
Å gaupa, gaupa – du storvaksne katt,
med kloa ute – på rov i natt.
Å gaupa, gaupa – så mjuk utan svans,
lett på poten og nesten oransje.
Ja, vesle gaupa – du norskaste pjokk,
så roleg og staseleg og sjeldan i flokk.
Å gaupa, gaupa – du listar deg fram,
me ser berre spora når snjoen er kram.
Ja, kjære gaupa – det er ikkje rett,
at du ikkje vert hugsa – me gløymer så lett.
Nei, slepp gaupa fram – ho er spretten og gild,
så romsleg i låra – så rask og så snill.
Å gaupa, gaupa – du er eit symbol,
på landet, på ære – eit staseleg idol.
Å gaupa, gaupa – med kloa så kvass,
djupt inni skogen har du din plass.
I Japan heng tradisjonane svært høgt. Knapt nokon stad i verda er dei betre på å halda på det som er gamalt, enten det er mat, skikkar eller handverk.
I den vesle byen Sakai utanfor Osaka lagar dei verdas flottaste kjøkenknivar. Opphavleg var det samuraisverd smedane i Sakai var kjende for, men etter at det ikkje lenger var lovleg å gå med dei livsfarlege sverda i gatene, satsa dei på meir fredelege reiskapar.
For ein japansk kokk er kniven nærast heilag. Han vert skjerpa minst tre–fire gonger om dagen, skal vara i 15–20 år og kostar fort 10.000 kroner.
Arbeidet med dei gode knivane vert difor teke like mykje på alvor som då samuraiane kom for å få dei dødelege sverda sine.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.