Skrekk frå samlebandet
Siste skrik frå Insidious-serien er standard.
Lin Shaye har hovudrolla som Elise Rainier.
Foto: Justin Lubin / UIP
SKREKKFILM
Regi: Adam Robitel
Insidious: The Last Key
Med: Lin Shaye, Leigh Whannel
Elise (Shaye) frå dei tre førre Insidious-filmane må tilbake til barndomshuset som er gjesta av gjenferd. Nokon heim var det ikkje. Den fulle faren slo, og ein demon drap den godhjarta mora. Handlinga her skjer etter Insidious 3 og leier fram til den originale Insidious. Elise er ekspert og medium med mange skrømt å slå.
Shaye skin
Rutinerte Lin Shaye er kjent for skrekk og skratt frå Terror på Elm Street via Dum dummere til alle Insidious-filmane. Ho passar godt med mørke auge og uroa mine. Heldigvis har ho hovudrolla, ikkje platte Patrick Wilson som før. Manusforfattar Leigh Whannel spelar Specs, som med kameraten hjelper Elise. Nerdeparet står for eit lite vellukka komisk avbrot utan stort spel. Whannel har skrive ei hanglande handling med talrike vendingar. Tilbakeblikka til barndomen lir under dei karikerte foreldra.
Rutinevarsel
Brå lydar gjer at ein skvett medan skuggar og skrømt jagar jamt forbi og dukkar opp titt og ofte. Produksjonsverdien har auka sidan suksessen til den første filmen, så grafikken er betre, men serien er framleis ei middels mjølkeku med ambisjonar om stor avkasting. Suksessformelen er lågt budsjett for folk som vil ha same prosedyren som i fjor. Det får dei. Filmar som It Follows og Get Out har vist oss at skrekkfilm frå USA i dag kan vere meir. Det enkle er ikkje alltid det beste.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
SKREKKFILM
Regi: Adam Robitel
Insidious: The Last Key
Med: Lin Shaye, Leigh Whannel
Elise (Shaye) frå dei tre førre Insidious-filmane må tilbake til barndomshuset som er gjesta av gjenferd. Nokon heim var det ikkje. Den fulle faren slo, og ein demon drap den godhjarta mora. Handlinga her skjer etter Insidious 3 og leier fram til den originale Insidious. Elise er ekspert og medium med mange skrømt å slå.
Shaye skin
Rutinerte Lin Shaye er kjent for skrekk og skratt frå Terror på Elm Street via Dum dummere til alle Insidious-filmane. Ho passar godt med mørke auge og uroa mine. Heldigvis har ho hovudrolla, ikkje platte Patrick Wilson som før. Manusforfattar Leigh Whannel spelar Specs, som med kameraten hjelper Elise. Nerdeparet står for eit lite vellukka komisk avbrot utan stort spel. Whannel har skrive ei hanglande handling med talrike vendingar. Tilbakeblikka til barndomen lir under dei karikerte foreldra.
Rutinevarsel
Brå lydar gjer at ein skvett medan skuggar og skrømt jagar jamt forbi og dukkar opp titt og ofte. Produksjonsverdien har auka sidan suksessen til den første filmen, så grafikken er betre, men serien er framleis ei middels mjølkeku med ambisjonar om stor avkasting. Suksessformelen er lågt budsjett for folk som vil ha same prosedyren som i fjor. Det får dei. Filmar som It Follows og Get Out har vist oss at skrekkfilm frå USA i dag kan vere meir. Det enkle er ikkje alltid det beste.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?