Slakk spelmeister
Blasse bilete med litt livsvisdom gjev ei middels italiensk filmoppleving.
Tematisk tar Genovese opp kva kompromiss folk vil inngå for kva mål.
Foto: AS Fidalgo
Drama
Regi: Paolo Genovese
The Place
Med: Valerio Mastandrea, Sabrina Ferilli, Marco Giallini
Ein namnlaus mann med notatbok (Mastandrea) sit på kafeen The Place og tar imot menneske med draumar eller lengslar, alle med tru på at ting ordnar seg om dei tar utfordringane hans. Dei er alle slags personar, frå politimann via nonne til bilmekanikarar. Ønska varierer frå at blinde vil sjå, til at Alzheimers sjukdom skal bli lækt, og at ein vil ha sex med ei kalenderkvinne.
Bordleik
Dei skal utføre konkrete, gjerne groteske oppgåver. Her finst alt frå drap til å hjelpe gamle damer over gata. Om mannen er engel eller demon, er uvisst. Kafévert Angela (Ferilli) vakar nyfiken over aktiviteten utan å ana noko.
Regissør Paolo Genovese likar å sette opp spel med klare rammer. I førre film, Perfekte fremmede, sette han nokre vennepar rundt eit bord og lét dei byte mobiltelefonar i ein leik om løgner. Igjen viklar forteljingar seg saman, og The Place har òg uventa vendingar. Premissane og omgjevnadene er enkle, men manus har mang ei overrasking på lager. Som sist forlèt vi aldri åstaden i den nye filmen. Slike eksperiment med strenge avgrensingar opnar ofte for filmatisk fruktbare opplevingar. Hjå dei beste filmskaparane utløyser utfordringane kreativitet med kamera. Det kan ein ikkje seie om The Place.
Vanleg vondskap
Estetisk er filmen meir ordinær enn naudsynt, sjølv om det er eit poeng av vi ser vanlege menneske i daglegdagse omgjevnader. Ein ser aldri at ein kameravinkel eller ei innramming skapar stemning, gjev nytt perspektiv eller er visuelt vakker. Det blir litt lite. Lydsporet lid av lettvint og flittig musikkbruk. Vreng på pedalen fortel om heroiske avgjerder, mjukt piano fortel om flørt, og så bortetter. Alt er for tydeleg. Det blir litt mykje.
Tematisk tar Genovese opp kva kompromiss folk vil inngå for kva mål. Vi rettferdiggjer handlingane våre. Vondskap er vanleg. Lukka er lunefull. Djevelen finn vi som kjent i detaljane. Dei har mannen bak bordet full oversikt over. Dei høgfrekvente visittane er stundom småsmarte, men ofte banale. Hadde eg ana meir filmatisk flid, hadde eg sikkert sett større pris på nokre nyanserte knep i forteljinga. Eg lét meg diverre ikkje engasjere. The Place er ingen stor film.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.