Sysken til tidig strid
Absurd, bekmørk humor frå Tyrkia er forfriskande.
Dei tre syskena har ikkje noko nært forhold.
Komedie / Drama
Regi: Tolga Karaçelik
Sommerfugler (Orig.tittel: Kelebekler)
Med: Tolga Tekin, Bartu Küçükçaglayan, Tugce Altug
Cemal (Tekin) er ein frustrert astronaut på bakken i Tyskland. Då faren ringer frå heimbygda i Tyrkia for første gong på tretti år, lyt han reise heim. Han plukkar opp syskena i Istanbul. Broren Kenan (Küçükçaglayan), lever av å leggje teite stemmer på kattevideoar. Syster Susan (Altug) dumpa nett mannen sin medan han masa ustanseleg om underleverandørar. Trioen legg ut på tur.
Raki og rock
Stemninga er roten. Dei tre har ikkje nett tette forhold. Alle er moderne, urbane tyrkarar med personlege problem. Dei kjeklar om musikkvala i bilen, men for filmen skaper slagarar av anatolisk rock kjekk stemning. Både Nazan Öncel, Grup Gündogarken og Baris Manco er verde å høyre meir på. Blanda med rause mengder raki skapar ingrediensar som eksplosive høner og imamar som slit med tvil, ei frisk blanding. Stundom tippar humoren over i det banale, men sjølv dryge element treffer stundom godt. Eg lo ein god del.
Ta sjansen
Skjemt står i sentrum. Sommerfugler har ein heil del varme og kjærleik for figurane, sjølv om alle ter seg toskete. Regissøren Tolga Karaçelik leikar òg med melodramatiske element, og rører ved frustrasjonen til ein fragmentert familie. Han er likevel snar til å stikke hol på alvoret og vil helst le døden vekk. Under gøye gravleggingsscener vil kanskje somme sette låtten i halsen, men eg tilrår med glede å ta sjansen på ein kolsvart tyrkisk komedie.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Komedie / Drama
Regi: Tolga Karaçelik
Sommerfugler (Orig.tittel: Kelebekler)
Med: Tolga Tekin, Bartu Küçükçaglayan, Tugce Altug
Cemal (Tekin) er ein frustrert astronaut på bakken i Tyskland. Då faren ringer frå heimbygda i Tyrkia for første gong på tretti år, lyt han reise heim. Han plukkar opp syskena i Istanbul. Broren Kenan (Küçükçaglayan), lever av å leggje teite stemmer på kattevideoar. Syster Susan (Altug) dumpa nett mannen sin medan han masa ustanseleg om underleverandørar. Trioen legg ut på tur.
Raki og rock
Stemninga er roten. Dei tre har ikkje nett tette forhold. Alle er moderne, urbane tyrkarar med personlege problem. Dei kjeklar om musikkvala i bilen, men for filmen skaper slagarar av anatolisk rock kjekk stemning. Både Nazan Öncel, Grup Gündogarken og Baris Manco er verde å høyre meir på. Blanda med rause mengder raki skapar ingrediensar som eksplosive høner og imamar som slit med tvil, ei frisk blanding. Stundom tippar humoren over i det banale, men sjølv dryge element treffer stundom godt. Eg lo ein god del.
Ta sjansen
Skjemt står i sentrum. Sommerfugler har ein heil del varme og kjærleik for figurane, sjølv om alle ter seg toskete. Regissøren Tolga Karaçelik leikar òg med melodramatiske element, og rører ved frustrasjonen til ein fragmentert familie. Han er likevel snar til å stikke hol på alvoret og vil helst le døden vekk. Under gøye gravleggingsscener vil kanskje somme sette låtten i halsen, men eg tilrår med glede å ta sjansen på ein kolsvart tyrkisk komedie.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.