Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nils-Øivind Haagensen fekk kulturpris i heimbyen.

Foto: Heidi Furre

1820
20170825
1820
20170825

STOR kulturPRIS

Nils-Øivind Haagensen fekk denne veka Stiftelsen Kjell Holms kulturpris på 200.000 kroner. Prisen går til personar eller organisasjonar som er knytte til Ålesunds kulturliv.

Haagensen har publisert ei rekkje diktsamlingar, romanar og essay, og juryen viser til at Haagensen vert rekna blant dei fremste samtidslyrikarane i landet. Han har også fått Sultprisen, og i 2013 vart han innstilt til Nordisk råds litteraturpris for diktsamlinga God morgen og god natt.

KRITIKK AV IS-SERIE

Fjernsynssjåarar og kritikarar kritiserer den britiske fjernsynsserien The State for å glorifisera Den islamske staten. Søndag var det premiere på britiske Channel 4, berre få dagar etter terroren i Barcelona. Serien følgjer to britiske menn og to kvinner som reiser til Syria for å kriga for IS.

Den første delen vart sett av 1,4 millionar. No haglar det inn med skjellsord, melder Politiken. Ein av dei som klagar, meiner at serien er «som ein vervekampanje for nazipropaganda i 1930-åra». Channel 4 svarar på kritikken med å visa til at serien tek for seg eit viktig emne som bør utforskast.

HESTENESPRISEN TIL SIGURDSEN

Den prestisjefylte Arne Hestenes’ journalistpris for film, portrett og annan kulturjournlistikk vart delt ut på Den norske filmfestivalen i Haugesund. I år gjekk prisen til Silje Mariann Engja Sigurdsen, som er kunstkritikar i Bergens Tidende og Aftenposten og redaktør for videobloggen Kunzt. Sigurdsen er kunsthistorikar, og kjem frå Bergen.

– I ei tid der fleire fryktar at internettet er i ferd med å øydeleggja kulturjournalistikken, der det vert ropt om at alt var så mykje betre før, har Sigurdsen i staden omfamna dei sjansane nettet byr, for alt det er verdt som plattform for ei nyskapande, engasjerande og oppsiktsvekkjande form for kunstformidling, uttalar juryen.

ottar@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis