Store tommeltottar som eit resultat av evolusjon?
caac
EVOLUSJON
Siri Helle skriv i Dag og Tid nr. 4/2017 om handverk, hender og evolusjon, og for ein evolusjonsentusiast må éin ting presiserast: evolusjon handlar om seleksjon.
Helle viser til enkelte spåmeistrar som meiner at tommeltottane våre vil bli stadige større, medan resten av fingrane vil blir mindre, grunna auka bruk av berøringsskjermar som berre aktiviserer tomlane. Dette scenarioet byggjer på dei same tankane som blant andre vitskapsmannen Jean Baptiste de Lamarck hadde, og dette blir ofte sett opp mot Charles Darwins måte å sjå evolusjon på. Lat oss ta eit mykje brukt døme for å illustrere ulikheitene i dei to teoriane: sjiraffar.
Lamarck såg for seg at forfedrane til sjiraffane hadde hatt kortare hals, men at dei hadde måtta strekke halsen for å få tak i nok mat. Dei flinkaste, som greidde å strekke halsen høgast, fekk tak i nok mat og kunne reprodusere seg. Slik gjekk den opplærde eigenskapen «å strekke hals» i arv og vart overført til neste generasjon. Avkommet vart enda flinkare til å strekke hals.
Darwin på si side såg heller at dei sjiraffane som til kvar tid hadde lengst hals, hadde størst sjanse til å overleva og kunne reprodusere seg – slik fekk til ei kvar tid dei med lengst hals best mattilgang og størst sjanse til reproduksjon. Hadde du kort hals, var sjansen din for å få ført genane dine vidare, mykje mindre. Slik gjekk den naturlege seleksjonen i retning av at lang hals var eit fortrinn – uavhengig av i stor kor grad sjiraffane hadde strekt seg i løpet av sitt eige liv.
Ser vi attende på scenarioet som Siri Helle skriv utifrå – at menneska i framtida vil ha store tommeltottar – ser vi dei same tankane som hjå Lamarck. Sidan mor og far brukte tommeltottane sine mykje, så vil avkoma få godt utvikla tommeltottar. Lamarcks teori er no sett til side for Darwins teori om seleksjon. Dersom menneskeevolusjonen skal gå i retning av større tomlar og små fingrar, meiner Darwins teori at følgjande må skje: Store tommeltottar må bli ein eigenskap som gjev fordelar. Dette skjer til dømes dersom store tommeltottar blir noko som ein vel partnar på grunnlag av, eller at ein får dårlegare livsvilkår dersom ein ikkje har det. Slik vil du få større sjanse til å overleva og reprodusere deg viss du har store tommeltottar, og seleksjonen vil gå i den retninga.
Helle peikar sjølv på at evolusjon går sakte og ikkje lèt seg styre av så enkle endringar i liva våre, og eg forstår absolutt problemstillinga om kva stillesitting og lite handarbeid gjer med kroppane våre. Det interessante er at eit stillesittande liv, og særs god medisinsk hjelp, slik fleire ser det, kan gjera at seleksjon vert meir og meir sett til side. Du overlever no med både ti fingrar og ingen armar. Slik går seleksjonspresset ned, og bestemte retningar i evolusjonen kan bli meir utviska – kanskje får vi eit større mangfald av hender og fingrar?
Marit Sletten er lektor i realfag.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Store tommeltottar må bli ein eigenskap som gjev fordelar»
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen