Harper Lee saman med George Bush.
Foto: Larry Downing
Strid om teatermanus
Harper Lees kjende roman To Kill A Mockingbird frå 1960, Drep ikke en sangfugl, som er den norske tittelen, skal bli teater. Lee selde rettane til teaterframsyning i 2015, før ho døydde, på det vilkåret at handlinga i boka ikkje skulle bli endra. Manusforfattar til teaterstykket, den kjende amerikanaren Aaron Sorkin, fortel at han har endra på hovudpersonen i boka, Atticus Finch. Det likar ikkje etterkomarane til Harper Lee. Dei har meldt saka til politiet.
kritikarpris til demian vitanza
Onsdag denne veka tok Demian Vitanza imot Ungdomens kritikarpris for romanen Dette livet eller neste. «Årets vinnerbok er en bok for flere aldre, interesser og personligheter. Den har en treffende tittel og er både interessant, spennende og lærerik. Den er glimrende skrevet, dagsaktuell og seriøs, men har også en liten bit humor», skriv juryen for Ungdomens kritikarpris om boka.
Nesbø seier nei takk til nytt forlag
Jo Nesbø seier nei takk til Petter Stordalens nye forlag, Capitana. Forlaget har alt lokka til seg store namn som Tom Egeland og Tom Kristensen, og tilsett Jørn Lier Horst som forleggjar. Men gullfisken, Jo Nesbø, seier nei takk. Han har ikkje noko imot å ha Horst som forleggjar, men då må Horst melde overgang til Aschehoug, forlaget Nesbø sjølv er knytt til. Det seier Nesbø til VG.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Strid om teatermanus
Harper Lees kjende roman To Kill A Mockingbird frå 1960, Drep ikke en sangfugl, som er den norske tittelen, skal bli teater. Lee selde rettane til teaterframsyning i 2015, før ho døydde, på det vilkåret at handlinga i boka ikkje skulle bli endra. Manusforfattar til teaterstykket, den kjende amerikanaren Aaron Sorkin, fortel at han har endra på hovudpersonen i boka, Atticus Finch. Det likar ikkje etterkomarane til Harper Lee. Dei har meldt saka til politiet.
kritikarpris til demian vitanza
Onsdag denne veka tok Demian Vitanza imot Ungdomens kritikarpris for romanen Dette livet eller neste. «Årets vinnerbok er en bok for flere aldre, interesser og personligheter. Den har en treffende tittel og er både interessant, spennende og lærerik. Den er glimrende skrevet, dagsaktuell og seriøs, men har også en liten bit humor», skriv juryen for Ungdomens kritikarpris om boka.
Nesbø seier nei takk til nytt forlag
Jo Nesbø seier nei takk til Petter Stordalens nye forlag, Capitana. Forlaget har alt lokka til seg store namn som Tom Egeland og Tom Kristensen, og tilsett Jørn Lier Horst som forleggjar. Men gullfisken, Jo Nesbø, seier nei takk. Han har ikkje noko imot å ha Horst som forleggjar, men då må Horst melde overgang til Aschehoug, forlaget Nesbø sjølv er knytt til. Det seier Nesbø til VG.
ronny@dagogtid.no
Fleire artiklar
Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.
Foto: Anne Valeur
Fugl føniks
Hayden Powell har brukt ventetida godt.
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.