Sakprosa
Svanesongen
Då Palmyra vart øydelagd av IS i 2015, sette Paul Veyne seg føre å fortelje kva som var gått tapt.
Ein del av den gamle byen i Palmyra, fotografert i januar i år.
Khalil Hamra
Paul Veyne var då 85 år gammal og ein av nestorane i fransk historieskriving, og Palmyra vart siste boka hans. Ho vart skriven i hast på nokre månader: IS hærtok Palmyra i mai, og boka kom alt i november same år.
Ein merkar nokre gonger undervegs i lesinga at dette er ein forfattar med lita tid. Han skiftar raskt mellom ulike emne, overgangane kan vere bråe, og ein gong eller to lèt det til at han seier imot noko han før har sagt.
Men språket har flyt og eleganse, og hastverket gjev boka ein nerve som ho elles ikkje kunne ha hatt: Her er noko viktig som må seiast, om eit emne Veyne kan mykje om. Etter eit langt liv med antikken har han oversyn over stoffet, og han plukkar frå eit stort og samansett materiale for å forklare kva Palmyra var, og kvifor denne byen var noko heilt spesielt.
Veyne bruker ikkje mykje plass på å skrive om øydeleggingane. Det er ikkje naudsynt, for dei er uansett til stades som utgangspunkt for boka. Han fortel ikkje om kjenslene sine, og han konkurrerer ikkje om å vere mest forarga, men han har ei klar forståing av kva som ligg bak: «Det ble ødelagt fordi dette monumentet settes høyt av dagens vestlige mennesker... som er ivrige etter å lære om andre steders og andre tiders gudstro.»
Taktisk og politisk hadde islamistane ingenting å vinne på øydelegginga. Dei sprengde ruinane for å uttrykke identiteten sin, «for å vise oss at de er annerledes enn oss, og at de ikke har respekt for det som settes høyt i vestlig kultur».
Karavanevegen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.