Å høyre til ein stad, med ryggen rak
Utafor er eit engasjerande og sympatisk stykke om identitet og einsemd i fleirkulturen.
Heile ensemblet på scena.
Foto: Dag Jenssen
Det Norske Teatret
Svein Tindberg i samarbeid med JustUnity:
Utafor
Regi: Svein Tindberg
Scenografi og lysdesign: Torkel Skjærven
JustUnity er ein organisasjon som arbeider for å nedkjempe ekstremisme blant unge menneske i Noreg, i alle miljø og kulturar. I «realityframsyninga» Det Norske Teatret no presenterer, med fundament i nett JustUnity, får vi i ei regissert utforming møte fire unge menneske med kvar si historie om å kjenne seg på sida av samfunnet, av di dei på ulike vis har hamna i annleiskvoten. Dette er såleis ikkje skodespelarar, men ein slags standupartistar med alvorleg bodskap. Dei fire er omgjevne av ytterlegare ni unge sceneartistar av ymse etnisk identitet, som skaper bakgrunn og miljø for historiene. Realityteater er for så vidt ein sjanger i vinden, men denne framsyninga er alvorlegare og viktigare enn det meste vi har sett av den slags.
Dei fire er for det første Faten Mahdi Al-Husseini, som for lengst er ei profilert antiekstremistisk talskvinne i det norske mediebiletet, og Yousef Bartho Al-Nahi, som opphavleg er ein etnisk-norsk konvertitt til islam. Båe har stått sterkt i kampen mot religiøs radikalisering, og dei er medgrunnleggjarar av JustUnity. Vidare møter vi Siri Marie Seim Sønstelie, som har ein solid akademisk bakgrunn for menneskerettsarbeid og ikkje minst er ei av dei overlevande frå 22. juli, og vi møter Tor Itai Keilen, som er norsk-jødisk og har opplevd politisk press ut frå identiteten sin åleine. Sistnemnde er elles den einaste her som òg er skodespelar og regissør.
Historiene dei fortel, er gjorde med nøktern ro, og framsyninga er gjennomført med ein stilisert, antiteatralsk eleganse. Det vert òg understreka av Torkel Skjærvens multimediale scenebilete, der sceneelementa gjev aktørane både dekorativt og funksjonelt spelerom, og med Belinda Brazas fine koreografi som hjelp.
For Svein Tindberg, som i seinare år har laga mykje teater om tru og tvil og «meininga med livet», er framsyninga Utafor ein stor, ny triumf. Her har den røynde teatermannen og kjenslemennesket Tindberg sydd ei teateroppleving som gjennom rørande vitnesbyrd og avvæpnande humor gjev god von for ei betre norsk framtid. Rett og slett.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

For Svein Tindberg er framsyninga Utafor ein stor, ny triumf.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.