Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Assosiert klassikar ­­ – men for kven?

Teatret Vårt lovar Shakespeare, men leverer noko anna.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Teateret opnar med sluttscena i stykket om det forelska unge paret i Verona.

Foto: Teatret Vårt

2794
20191011
2794
20191011

Teatret Vårt

William Shakespeare:

Romeo og Julie

Omsett og omarbeidd av Simon Formo Hay
Regi: Simen Formo Hay
Scenografi: Eilif Fjeld Teisbo

Å annonsere eit kjent klassisk teaterstykke og så syne noko heilt anna er for så vidt eit kjent grep frå avantgardistiske frie teatergrupper. No ser det ut til at institusjonsteatra fylgjer etter. Iallfall gjer Teatret Vårt det no, med ei framsyning dei kallar Romeo og Julie og attpåtil krediterer Shakespeare for. La det vere sagt med ein gong: Dette er ikkje Shakespeare, og det er slett ikkje Romeo og Julie.

Pratsamt

I utgangspunktet ser det ut til at vi skal få nokolunde det vi er lova. Stykket opnar med sluttscena frå Romeo og Julie i om lag klassisk stil og i omsetjinga til Edvard Hoem. Men så vert det applaudert, og ein såkalla publikummar grip ordet og er full av lovord til skodespelarane. Dette er eit klassisk døme på «usynleg teater», der skodespelarar skal late som dei er frå folkemengda og ikkje i spel. Deretter vert vi kommanderte ut i foajeen, med melding om at vi snart skal få kome inn på premierefesten. Ute i foajeen held det usynlege teateret fram med at to i publikumsmengda byrjar å ropeprate til kvarandre, i ein dialog som faktisk kan minne litt om parti frå fyrsteakta i Romeo og Julie. Men når vi så vert sende attende til teatersalen, skjøner vi fort at dette ikkje kjem til å bli nokon versjon av Shakespeare-klassikaren.

Det vi får, er ei høglydt, hard og svært pratsam framsyning, der tilløpa til handling druknar i uklåre relasjonar mellom liksom-autentiske og liksom-fiktive personar. Det som gir seg ut for å vere dialogar, verkar mest som parallelle monologar utan intern korrespondanse. Her er mange forsøk på humor i metalandet mellom tekst og improvisasjon (som sjølvsagt ikkje er improvisasjon). Men det er ingen som ler, og dei merkelege forsøka på kjærleiksscener lèt oss sitje att heilt urørte.

Sjølvsagt ser vi at det er lagt eit stort arbeid i konseptutvikling, scenografi og effektar her. Skodespelarane gyv på av alle krefter, og det skal dei ha takk og respekt for.

Originalitet

Det skal òg innrømmast at prosjektet scorar ein del på originalitet, ikkje minst ved å gi oss eit lureprogramhefte før framsyning og det korrekte programmet først etterpå. Men til sjuande og sist bør ikkje teateret love publikum éin ting og levere noko heilt anna. Og dei bør ikkje prøve å lure oss til å tru at ting kjem ut av kontroll. Det ser vi godt at det ikkje gjer. Så dumme er vi ikkje.

(Produksjonen er vurdert etter framsyninga i Festiviteten i Kristiansund den 3. oktober.)

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det vi får, er ei høglydt, hard og svært pratsam framsyning.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis